![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7d/Glaucus_atlanticus_1.jpg/640px-Glaucus_atlanticus_1.jpg&w=640&q=50)
Eukaryotar
gruppe av organismar med membranbundne cellekjernar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Eukaryotar er éin- eller fleircella organismar kjenneteikna av indre membranar, eit celleskjelett og mange celleorganeller som ikkje finst i prokaryote celler. Dei viktigaste eukarote celleorganella er cellekjernen (nukleus), endoplasmatisk retikulum, golgiapparatet, celleskjelettet, mitokondriar, kloroplastar og flimmerhår (ciliar).
Kjappe fakta
Eukaryotar | |
![]() Nakensniglane Glaucus atlanticus (til venstre) og Glaucilla marginata er døme på eukaryotar. | |
Systematikk | |
Overrike: | Eukaryotar Eukaryota Chatton, 1925 |
Lukk
Domenet har fått namnet sitt etter den tydelege cellekjernen gjennom samansettinga av gresk ευ, 'god, ekte' og κάρυον, 'nøtt'. Inni kjernen finn ein arvematerialet DNA ordna i kromosom. I prokaryotar ligg derimot arvematerialet spreidd rundt i cella.