![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bd/Breast_cancer_cell_%25282%2529.jpg/640px-Breast_cancer_cell_%25282%2529.jpg&w=640&q=50)
Kreft
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kreft er eit samnamn på sjukdomar der ukontrollert cellevekst øydelegg vev i kroppen. Namnet kjem frå lågtysk og har same opphav som kreps etter latin cancer, dette fordi ein meinte at svulsten ved brystkreft, likna ein kreps.
Treng oppdatering (2023) |
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/56/Tumor_Mesothelioma2_legend.jpg/320px-Tumor_Mesothelioma2_legend.jpg)
Ein svulst av kreftceller kallast for tumor. Ein tumor kan vere godarta eller vondarta. Ein malign tumor får dottersvulstar, metastasar, i andre delar av kroppen, fordi kreftceller fell frå mortumoren, vandrar i blodbana og landar i andre vev der det veks fram nya tumorar.
Kreftsjukdomar vil i om lag 50 % av tilfella føre til at pasienten er død innan 5 år (dersom pasienten er behandla med moderne medisin). Det er stor skilnad i dødsstatistikken ut i frå kor tumoren sit i kroppen. Enkelte hudkreftformer er det 99 % som overlever i 5 år, mens det berre er 1 % som overlever kreft i bukspyttkjertelen. Medisinsk behandling av kreft er blitt betre dei seinare åra og det blir nytta store krefter på forsking for å gjere dette tilbodet enno betre.
Kreft skyldast både arveanlegg, alder og ulike miljøfaktorar, som t.d. tobakkrøyk og radioaktive stoff.
I Noreg vart det i 2001 rapportert 22 468 nye tilfelle av kreft. I 2000 vart det registrert 10 447 dødsfall som skyldast kreft.[treng kjelde]