Jaroslavl oblast
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jaroslavl oblast (kyrillisk skrift Ярославская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Jaroslavl, arealet er 36 400 km² og innbyggjartalet er 1 272 500 (2010).
| |||||
Hovudstad | Jaroslavl | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 63. 36 400 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 39. | ||||
Føderalt distrikt | Sentrale | ||||
Økonomisk region | Sentrale | ||||
Regionsnummer | 76 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Sergej Nikolajevitsj Jastrebov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Jaroslavl oblast ligg sentralt plassert i den europeiske delen av Russland, og grensar til Moskva oblast i sør. Området er stort sett bylgjande sletteland, høgste punktet er berre 294 meter over havet. Dei øvre delane av elva Volga renn gjennom provinsen, i ei strekning på 340 kilometer. Klimaet er kontinentalt, med middeltemperatur i januar på -10° celsius, og i juli 18° celsius.
Provinsen har ingen vesentlege mineralførekomstar. Volga er demma opp ved Rybinsk og dannar her ein stor kunstig innsjø. Det vert drive intensivt jordbruk, 34 % av provinsen er dyrka mark. Dei viktigaste avlingane er poteter, grønsaker og lin. Det vert òg dyrka rug, kveite, bygg og havre. Jaroslavl oblast har mykje industri, det viktigaste er ingeniør- og metallindustri.