![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b9/Area.svg/langnn-640px-Area.svg.png&w=640&q=50)
Flatevidd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flatevidd eller areal er ord som vert brukte for å uttrykka utstrekkinga av eit område.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b9/Area.svg/640px-Area.svg.png)
Einingane ein bruker til å måle flatevidd har to dimensjonar, lengde og breidde. Ein kvadratmeter er til dømes ein meter lang og ein meter brei, medan ein kvadratkilometer er ein kilometer i kvar retning. Andre einingar ein ofte brukar for å snakka om flatevidd er mål og dekar, som begge er definert som 1000 kvadratmeter.
Det er fleire kjende formlar for enkle former som trekantar, rektangel og sirklar. Ved å nytte desse formlane kan ein finne arealet til alle polygon ved å dele dei inn i trekantar.[1] For former som består av kurver, må ein som regel nytte differensialrekning for å finne arealet. Faktisk var problemet med å finne arealet til forskjellige figurar ein stor motivasjonsfaktor for utviklinga av differensialrekning.[2]
For former som kuler, kjegler og sylindrar, vert arealet av overflata kalla overflatearealet. Formlar for overflateareal av enkle former vart rekna ut av greske matematikarar i antikken.