From Wikipedia, the free encyclopedia
Den russiske føderasjonen består av 83 føderale subjekt. Desse subjekta er delt inn i fleire ulike kategoriar:
Alle desse einingane er framhald av administrative einingar frå Sovjetunionen, med unntak av Tsjetsjenia og Ingusjetia. Under oppløysingsprosessen av Sovjetunionen oppmoda Boris Jeltsin provinsane til å «gripa så mykje autonomi som de kan svelja». Som resultat av dette tok fleire område på eiga hand over stor makt frå sentralstaten. Tsjetsjenia erklærte fullt sjølvstende frå Russland, og fleire andre republikkar såg ut til å planleggja det same. Det såg ei stund ut som om den russiske føderasjonen òg stod i fare for å gå i oppløysing, men i mars 1992 vart ein ny føderasjonstraktat underteikna. Fleire føderasjonssubjekt venta med å skriva under på denne til dei hadde forhandla fram spesielle avtalar med sentralmakta som gav dei større sjølvstyre og kontroll over eigne skatteinntekter. Tatarstan var det siste subjektet som skreiv under, i februar 1994, etter å ha kome fram til ein avtale som gav republikken assosiert status i den russiske føderasjonen. Utover 1990-talet forhandla fleire og fleire av føderasjonssubjekta fram sine eigne bilaterale avtalar med sentralmakta i føderasjonen, innan 1998 hadde 46 av føderasjonssubjekta fått slike avtalar, som gav dei varierande grad av sjølvstyre og kontroll over eigne skatteinntekter.
Eit trekk ved regjeringstida til Vladimir Putin har vore hans forsøk på å styrka sentralmakta og ta attende makt frå dei einskilde føderasjonssubjekta. I 2000 vart det oppretta sju føderale distrikt, som står over subjekta. Kvart distrikt vert leia av ein representant for presidenten, som vert utnemnd av den russiske føderasjonen sin president. Representanten for presidenten har til oppgåve å passa på at dei føderale subjekta overheld den russiske grunnlova. Opprettinga av dei føderale distrikta vart sett som eit tiltak for å sentralisera den russiske staten.
Alle subjekta har to representantar i det russiske føderasjonsrådet, som er overhuset i den russiske nasjonalforsamlinga. Frå 1993 hadde republikkane folkevalde presidentar, og dei andre subjekta folkevalde guvernørar. I 2004 vart dette endra. Presidentar og guvernørar vert no utpeika av presidenten i den russiske føderasjonen, og må så godkjennast av den lokale folkevalde forsamlinga.
Nr | Forkorting | Subjekt | Hovudstad | Føderalt distrikt | |
---|---|---|---|---|---|
Republikkar - республики - respubliki | |||||
01 | AD | Adygeja (Адыгея) | Majkop (Майкоп) | Sørlege | |
02 | BA | Basjkortostan (Башкортостан) | Ufa (Уфа) | Privolzjskij (Volga) | |
03 | BU | Burjatia (Бурятия) | Ulan-Ude (Улан-Удэ) | Sibir | |
04 | AL | Altaj (Алтай) | Gorno-Altajsk (Горно-Алтайск) | Sibir | |
05 | DA | Dagestan (Дагестан) | Makhatsjkala (Махачкала) | Sørlege | |
06 | IN | Ingusjetia (Ингушетия) | Magas (Магас) | Sørlege | |
07 | KB | Kabardino-Balkaria (Кабардино-Балкарская) | Naltsjik (Нальчик) | Sørlege | |
08 | KL | Kalmykia (Калмыкия) | Elista (Элиста) | Sørlege | |
09 | KC | Karatsjajevo-Tsjerkessia (Карачаево-Черкесская) | Tsjerkessk (Черкесск) | Sørlege | |
10 | KR | Karelia (Карелия) | Petrozavodsk (Петрозаводск) | Nordvestlege | |
11 | KO | Komi (Коми) | Syktyvkar (Сыктывкар) | Nordvestlege | |
12 | ME | Marij-El (Марий-Эл) | Josjkar-Ola (Йошкар-Ола) | Privolzjskij (Volga) | |
13 | MO | Mordovia (Мордовия) | Saransk (Саранск) | Privolzjskij (Volga) | |
14 | SA | Sakha (Jakutia) (Саха (Якутия)) | Jakutsk (Якутск) | Fjerne Austen | |
15 | SE | Nord-Ossetia (Alania) (Северная Осетия) | Vladikavkaz (Владикавказ) | Sørlege | |
16 | TA | Tatarstan (Татарстан) | Kazan (Казань; Tatarsk: Qazan) | Privolzjskij (Volga) | |
17 | TY | Tyva (Тыва) | Kyzyl (Кызыл) | Sibir | |
18 | UD | Udmurtia (Удмуртская) | Izjevsk (Ижевск) | Privolzjskij (Volga) | |
19 | KK | Khakasia (Хакасия) | Abakan (Абакан) | Sibir | |
20 | CE | Tsjetsjenia (Чеченская) | Groznyj (Грозный) | Sørlege | |
21 | CU | Tsjuvasjia (Чувашская (Чаваш)) | Tsjeboksary (Чебоксары) | Privolzjskij (Volga) | |
Territorium - края - kraja | |||||
22 | ALT | Altaj kraj (Алтайский) | Barnaul (Барнаул) | Sibir | |
75 | Zabajkalskij (Забайкальский) | Tsjita (Чита) | Sibir | ||
41 | KAM | Kamtsjatka (Камчатский) | Petropavlovsk-Kamtsjatskij (Петропавловск-Камчатский) | Fjerne Austen | |
23 | KDA | Krasnodar (Краснодарский) | Krasnodar (Краснодар) | Sørlege | |
24 | KYA | Krasnojarsk (Красноярский) | Krasnojarsk (Красноярск) | Sibir | |
90 | PER | Perm (Пермский) | Perm (Пермь) | Privolzjskij (Volga) | |
25 | PRI | Primorskij (Приморский) | Vladivostok (Владивосток) | Fjerne Austen | |
26 | STA | Stavropol (Ставропольский) | Stavropol (Ставрополь) | Sørlege | |
27 | KHA | Khabarovsk (Хабаровский) | Khabarovsk (Хабаровск) | Fjerne Austen | |
Provinsar - области - oblasti | |||||
28 | AMU | Amur (Амурская) | Blagovesjtsjensk (Благовещенск) | Fjerne Austen | |
29 | ARK | Arkhangelsk (Архангельская) | Arkhangelsk (Архангельск) | Nordvestlege | |
30 | AST | Astrakhan (Астраханская) | Astrakhan (Астрахань) | Sørlege | |
31 | BEL | Belgorod (Белгородская) | Belgorod (Белгород) | Sentrale | |
32 | BRY | Brjansk (Брянская) | Brjansk (Брянск) | Sentrale | |
33 | VLA | Vladimir (Владимирская) | Vladimir (Владимир) | Sentrale | |
34 | VGG | Volgograd (Волгоградская) | Volgograd (Волгоград) | Sørlege | |
35 | VLG | Vologda (Вологодская) | Vologda (Вологда) | Nordvestlege | |
36 | VOR | Voronezj (Воронежская) | Voronezj (Воронеж) | Sentrale | |
37 | IVA | Ivanovo (Ивановская) | Ivanovo (Иваново) | Sentrale | |
38 | IRK | Irkutsk (Иркутская) | Irkutsk (Иркутск) | Sibir | |
39 | KGD | Kaliningrad (Калининградская) | Kaliningrad (Калининград) | Nordvestlege | |
40 | KLU | Kaluga (Калужская) | Kaluga (Калуга) | Sentrale | |
42 | KEM | Kemerovo (Кемеровская) | Kemerovo (Кемерово) | Sibir | |
43 | KIR | Kirov (Кировская) | Kirov (Киров) | Privolzjskij (Volga) | |
44 | KOS | Kostroma (Костромская) | Kostroma (Кострома) | Sentrale | |
45 | KGN | Kurgan (Курганская) | Kurgan (Курган) | Ural | |
46 | KRS | Kursk (Курская) | Kursk (Курск) | Sentrale | |
47 | LEN | Leningrad (Ленинградская) | St. Petersburg (Санкт-Петербург) | Nordvestlege | |
48 | LIP | Lipetsk (Липецкая) | Lipetsk (Липецк) | Sentrale | |
49 | MAG | Magadan (Магаданская) | Magadan (Магадан) | Fjerne Austen | |
50 | MOS | Moskva (Московская) | Moskva (Москва) | Sentrale | |
51 | MUR | Murmansk (Мурманская) | Murmansk (Мурманск) | Nordvestlege | |
52 | NIZ | Nizjegorod (Нижегородская) | Nizjnij Novgorod (Нижний Новгород) | Privolzjskij (Volga) | |
53 | NGR | Novgorod (Новгородская) | Velikij Novgorod (Великий Новгород) | Nordvestlege | |
54 | NVS | Novosibirsk (Новосибирская) | Novosibirsk (Новосибирск) | Sibir | |
55 | OMS | Omsk (Омская) | Omsk (Омск) | Sibir | |
56 | ORE | Orenburg (Оренбургская) | Orenburg (Оренбург) | Privolzjskij (Volga) | |
57 | ORL | Orjol (Орловская) | Orjol (Орёл) | Sentrale | |
58 | PNZ | Penza (Пензенская) | Penza (Пенза) | Privolzjskij (Volga) | |
60 | PSK | Pskov (Псковская) | Pskov (Псков) | Nordvestlege | |
61 | ROS | Rostov (Ростовская) | Rostov-na-Donu (Ростов-на-Дону) | Sørlege | |
62 | RYA | Rjazan (Рязанская) | Rjazan (Рязань) | Sentrale | |
63 | SAM | Samara (Самарская) | Samara (Самара) | Privolzjskij (Volga) | |
64 | SAR | Saratov (Саратовская) | Saratov (Саратов) | Privolzjskij (Volga) | |
65 | SAK | Sakhalin (Сахалинская) | Juzjno-Sakhalinsk (Южно-Сахалинск) | Fjerne Austen | |
66 | SVE | Sverdlovsk (Свердловская) | Jekaterinburg (Екатеринбург) | Ural | |
67 | SMO | Smolensk (Смоленская) | Smolensk (Смоленск) | Sentrale | |
68 | TAM | Tambov (Тамбовская) | Tambov (Тамбов) | Sentrale | |
69 | TVE | Tver (Тверская) | Tver (Тверь) | Sentrale | |
70 | TOM | Tomsk (Томская) | Tomsk (Томск) | Sibir | |
71 | TUL | Tula (Тульская) | Tula (Тула) | Sentrale | |
72 | TYU | Tjumen (Тюменская) | Tjumen (Тюмень) | Ural | |
73 | ULY | Uljanovsk (Ульяновская) | Uljanovsk (Ульяновск) | Privolzjskij (Volga) | |
74 | CHE | Tsjeljabinsk (Челябинская) | Tsjeljabinsk (Челябинск) | Ural | |
76 | YAR | Jaroslavl (Ярославская) | Jaroslavl (Ярославль) | Sentrale | |
Føderale byar - федеральные города - federalnyje goroda | |||||
77 | MOW | Moskva (Москва) | Sentrale | ||
78 | SPE | St. Petersburg (Санкт-Петербург) | Nordvestlege | ||
Sjølvstyrt provins - автономная область - avtonomnaja oblast | |||||
79 | YEV | Jødiske (Еврейская) | Birobidzjan (Биробиджан) | Fjerne Austen | |
Sjølvstyrte distrikt - автономные округа - avtonomnyje okruga | |||||
83 | NEN | Nenetsia (Ненецкий) | Narjan-Mar (Нарьян-Мар) | Nordvestlege | |
86 | KHM | Khantia-Mansia (Ханты-Мансийский) | Khanty-Mansijsk (Ханты-Мансийск) | Ural | |
87 | CHU | Tsjukotka (Чукотский) | Anadyr (Анадырь) | Fjerne Austen | |
89 | YAN | Jamalo-Nenetsk (Ямало-Ненецкий) | Salekhard (Салехард) | Ural |
Fleire subjekt har frå 2005 av blitt slått saman til større område. 7. desember 2003 vart det godkjend i ei folkeavrøysting å slå saman Komi-Permjakia og Perm oblast til eit nytt Perm kraj. Dette hende 1. desember 2005. Det neste vart ei innlemming av Evenkia og Tajmyr i Krasnojarsk kraj, dette vart godkjend i ei folkeavrøysting 17. april 2005, og fann stad 1. januar 2007. Den 23. oktober 2005 fann det stad ei folkeavrøysting om å slå saman Kamtsjatka oblast og Korjakia, resultatet vart positivt, og dette fann stad 1. juli 2007. 1. januar 2008 vart Ust-Orda Burjatia slått saman med Irkutsk oblast. 1. mars 2008 vart Aga-Burjatia slått saman med Tsjita oblast og danna Zabajkalskij kraj.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.