Rjazan
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Rjazan (russisk Ряза́нь) er ein by i og administrativt senter for Rjazan oblast i Russland. Byen ligg ved elva Oka, rundt 196 km søraust for Moskva. Han har like over 510 000 innbyggjarar (2007).
Rjazan Ряза́нь | |||||
---|---|---|---|---|---|
Uspenskijkatedralen i Rjazan | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Rjazan oblast | ||||
Først nemnd i Bystatus |
1096 1719 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
224 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
512 200 2 286,6 /km² | ||||
Koordinatar | 54°37′N 39°43′E | ||||
Høgd over havet | 130 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | (+7)4912 | ||||
Retningsnummer (tlf) | 390000–390048 | ||||
Bilnummer | 62 | ||||
Nettstad: www.admrzn.ru |
Byen blei grunnlagd i 1095 som Perejaslavl-Rjazanskij, 55 km søraust for den noverande byen.[1] Han blei flytt til den noverande staden sin etter å ha blitt øydelagd av tartarane i 1237.[1]
Han var først bygd i tre, men gradvis erstatta av stein. Den eldste bevarte delen av kremlet i byen er frå 1400-talet.
Byen vert nemnd i historiske dokument i 1301, som Pereslavl-Rjazanskij. På den tida var han ein del av Fyrstedømet Rjazan, som var sjølvstendig frå 1129. Den første herskaren av Rjazan var Jaroslav Svjatoslavitsj, fyrste av Tsjernigov.
Rjazan-området, som ligg i overgangen mellom skog- og steppesonene, var utsett for mange invasjonar frå sør: khazarar, petsjenegar og kiptsjakar. Hovudstaden i fyrstedømet var den første russiske byen som møtte mongolane til Batu Khan. 21. desember 1237 vart han øydelagd og klarte aldri å vinne tilbake den tidlegare posisjonen sin. Denne staden er no kjend som Staraja Rjazan (Gamle Rjazan) og ligg rundt 50 km frå dagens Rjazan (då kalla Pereslavl-Rjazanskij).
I Slaget ved Kulikovo i 1380, som er ei viktig hending i russisk historie, kjempa storfyrste Oleg av Rjazan og hans menn som allierte til Mamaj, ein tartarhøvding under Den gylne horden, mot dei russiske armeane under kommando av storfyrsten av Vladimir, Dmitrij Donskoj.
På slutten av 1200-talet flytta Rjazanfyrstane hovudstaden sin til Pereslavl, som er kjend som Rjazan frå 1500-talet av (men offisielt først frå 1778). Fyrstedømet vart endeleg lagt under storfyrstedømet Moskva i 1521.
Rjazan er eit viktig industrisenter og står for 60 % av bruttoproduksjonen i oblasten. Den viktigaste industrigreina er maskinbygging, men annan tungindustri, eit oljeraffineri og jordbruksretta industri er representert.
Rjazan er stasjoneringsby for den russiske fallskjermjegerskulen. Den strategiske bombeflybasen Djagilevo ligg like vest for byen og den nå nedlagde Aleksandrovo flybase ligg i søraust, i likskap med den vesle Rjazan Turlatovo lufthamn.
Byen har ei elvehamn ved Oka og er eit knutepunkt for jernbanelinjer i distriktet.
Byen Rjazan er delt inn i fire administrative distrikt: Moskovskij, Oktjabrskij, Sovetskij og Zjeleznodorozjnij.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.