Jaroslavl
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Jaroslavl (russisk Ярославль) er ein by sentralt i Russland og hovudstad i Jaroslavl oblast. Byen har 635 600 innbyggjarar (2002). Byen ligg ved elva Volga, om lag 280 kilometer nord for Moskva. Det gamle sentrumsområdet av byen vart i 2005 erklært som verdsarvstad av UNESCO. Jaroslavl er ein av byane i den såkalla gylne sirkelen av russiske mellomalderbyar.
Jaroslavl Ярославль | |||||
---|---|---|---|---|---|
Frelsarklosteret i Jaroslavl | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Jaroslavl oblast | ||||
Grunnlagd | 1010 | ||||
Borgarmeister | Viktor Volontsjunas | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
205,37 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
604 000 2 941 /km² | ||||
Koordinatar | 57°37′N 39°51′E | ||||
Høgd over havet | 100 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 1500xx | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 4852 | ||||
Bilnummer | 76 | ||||
Nettstad: www.city-yar.ru |
Jaroslavl skal ha blitt grunnlagt i 1010 av Jaroslav den Vise for å forsvara Kievriket mot trugsmål nordfrå. Han er fyrste gongen nemnt i 1071. I 1218 vart Jaroslavl senter for eit uavhengig fyrstedøme. I 1238 vart byen erobra og plyndra av mongolane. Det uavhengige fyrstedømet Jaroslavl vart i 1463 oppslukt av det ekspanderande fyrstedømet Moskva. På 1600-talet var byen den nest største i Russland, og under den polske okkupasjonen av Moskva i 1612 fungerte Jaroslavl som hovudstad. Under den russiske revolusjonen kom byen under sovjetisk kontroll allereie i oktober 1917. I juli 1918 vart eit kontrarevolusjonært opprør slått hardt ned av bolsjevikane. Frå 1936 er byen senter for Jaroslavl oblast.
I dag er Jaroslavl eit viktig industrisenter. Her finst mellom anna petrokjemisk fabrikk, dekkfabrikk, motorfabrikk og fabrikk for produksjon av syntetisk gummi. I byen er det mange institusjonar for høgare utdanning, Demidov universitet, polyteknisk universitet, Usjinskij pedagogiske universitet, medisinsk akademi og Internasjonalt universitet for handel og ny teknologi.
Byen er eit viktig transportknutepunkt, med fem jernbanelinjer, fire hovudvegar og elvehamn på Volga.
I Jaroslavl står Spaso-Preobrazjenskij-klosteret frå 1500-talet, og fleire 1600-tals kyrkjer.
Fotballaget Sjinnik Jaroslavl (også skrive Shinnik) spelte i 2005 i den russiske eliteserien. Laget har på ny kvalifisert seg for spel i eliteserien i 2008.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.