Ulan-Ude
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Ulan-Ude (russisk Ула́н-Удэ́, burjatisk Улаан-Үдэ – Ulaan-Üde) er hovudstaden i Republikken Burjatia i Russland. Han ligg rundt 4500 km aust for Moskva og 100 km søraust for Bajkalsjøen. I 2007 hadde byen om lag 340 000 innbyggjarar.
Ulan-Ude Ула́н-Удэ́ | |||
---|---|---|---|
Leninhovudet i Ulan Ude | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Burjatia | ||
Grunnlagd Bystatus |
1666 1775 | ||
Borgarmeister | Gennadi Aidajev | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
377 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
343 000 909,8 /km² | ||
Koordinatar | 51°50′N 107°37′E | ||
Høgd over havet | 530 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
IRKT (UTC+8) IRKST (UTC+9) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 670000–670051 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3012 | ||
Bilnummer | 03 | ||
Nettstad: www.ulan-ude-eg.ru/ |
Han ligg ved foten av fjellkjedene Khamar-Daban og Ulan-Burgasy-fjella, like ved staden der elva Selenga renn saman med sideelva Uda som deler byen i to.
Busetnaden Udinskoje (russisk Удинское) vart grunnlagd i 1666 som ein overvintringsstasjon av kosakkar. I 1775 fekk han byrettar under namnet Udinsk, som vart endra til Verkhneudinsk (russisk Верхнеу́динск) i 1783. På grunn av den geografiske plasseringa voks byen raskt og vart eit viktig handelssenter som knytte Russland til Kina og Mongolia. Etter ein stor brann i 1878 vart byen gjenoppbygd heilt frå grunnen av. 27. juli 1934 fekk byen det noverande noverande namn Ulan-Ude (burjatisk for Raude Uda).
Byen er det kulturelle og økonomiske senter i Transbajkal-området.
I Ulan-Ude ligg Den statlege flyfabrikk Nr. 99 , som mellom anna produserer flytypane Mil Mi-14,Mil Mi-8 og Su-25.
Ulan-Ude er eit knutepunkt mellom den transsibirske og den transmongolske jernbanen.
Ulan-Ude lufthamn (Mukhino) ligg 10 km vest for bysentrum, medan den mindre Ulan-Ude Vostotsjnyj lufthamn ligg 12 km mot aust.
Innanfor byen består kollektivtrafikken av trikkar, bussar og marsjrutka (rutetaxi).
Ikkje langt frå Ulan-Ude, nær landsbyen Ivolginsk, ligg eit buddhistisk kloster (Dazan). Byen har òg eit etnografisk museum, som viser det historiske tilværet av dei forskjellige folkegruppene i regionen: evenkar, urinnvånarane i området, burjatar, eit mongolsk folk som tradisjonelt vedkjenner seg Vajrayana-buddhismen, Semejskije, eit trussamfunn av såkalla gammaltruande og russarar.
Byen er òg kjent for det monumentale minnesmerket over Vladimir Lenin på det sentrale torget i byen, det største Leninhovudet i verda.
Langs elvebreiddene i det historiske sentrumet i byen ligg gamle herskapshus til handelsmenn, rikt dekorert med utskjeringar i tre og stein. Dei representerer utsøkte døme på russisk klassisisme.
Byen har mange institusjonar for høgare utdanning, mellom anna Burjatia statlege jordbruksakademi, Burjatia statlege universitet, Austsibirske statlege akademi for kultur og kunst og Austsibirske statlege teknologiske universitet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.