nordisk språk som blir tala i Færøyane From Wikipedia, the free encyclopedia
Færøysk (færøysk: føroyskt) er del av den vestnordiske målgreina, som rommar måla islendsk, færøysk, nynorsk, norske dialektar og det no utdøydde målet norn. Den norrøne målgreina høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måla.
Færøysk Føroyskt | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk Nordisk Vestnordisk Færøysk | |
Bruk | ||
Tala i | Færøyane | |
Område | Færøyane | |
Færøysktalande i alt | 80 000 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Færøyane | |
Normert av | Føroyska málnevndin | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | fo | |
ISO 639-2 | fao | |
ISO 639-3 | fao | |
Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekke på Færøyane der det har vore offisielt språk sidan 1937.
Som islandsk, har færøysk utvikla seg or dei gamalnorske målføra nybyggjarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar kan til ein viss grad forstå kvarandre, men ikkje utan problem.
Færøysk har 10 korte vokalar, alle desse har lange motpartar, nokre av dei er diftongerte. I tillegg har færøysk også 3 diftongar. Færøysk har 21 konsonantar, fordelt på fire artikulasjonsstader og fire artikulasjonsmåtar:
Færøysk er, saman med islandsk og nokre svenske målføre, einaste nordiske målet, som enno har dei fire nordgermanske kasus: nominativ (hovudfall), akkusativ (underfall), dativ (sidefall) og genitiv (eigefall). I talmålet (og dermed og i skrift) er genitiv mest ute av bruk; setningane vert snudde på så eigeforma kjem fram med preposisjonar i dativ. Genitiv vert derimot nytta i faste vendingar og i fyrste leden i samansette ord.
Substantiv og personfornamn vert bøygde i fall. Som hugseregel nyttar ein spørjeordet som på færøysk er ein del av fallnamnet:
døme | spurning | kallkyn (hannkjønn) |
kvennkyn (hokjønn) |
hvørkikyn (inkjekjønn) |
hvørfall (nominativ) |
Hvør er hatta? | knøttur | telda | borð |
hvønnfall (akkusativ) |
Hvønn sást tú? | knøtt | teldu | borð |
hvørjumfall (dativ) |
Hvørjum hyggur tú at? | knøtti | teldu | borði |
hvørsfall (genitiv) |
Hvørs vegna? | knøts | teldu | borðs |
Færøysk har ei konservativ rettskriving, noko som gjer færøysk lett å lesa for ein islending. Færøysk nyttar det latinske alfabetet, med 29 bokstavar.
Dei er: A Á B D Ð E F G H I Í J K L M N O Ó P R S T U Ú V Y Ý Æ Ø.
C, Q, W, X, Z vert ikkje nytta, men finst i somme låneord (òg Ü og Å i etternamn), men skikken er å byta desse bokstavane om med færøyske bokstavar med same uttale.
Færøysk har ei ytre språksoge som minnar mykje om den norske: Skriftspråket var meir eller mindre likt det i Noreg og på Island fram til 1400-talet. Etter reformasjonen tok dei danske styresmaktene i bruk dansk i staden, på same måten som i Noreg. Med nasjonalromantikk og nasjonalisme ut over 1800-talet voks interessa for færøysk språk, og Venceslaus Hammershaimb utarbeidde, omtrent samtidig med og på same måten som Ivar Aasen i Noreg, eit nytt skriftspråk for dei færøyske dialektane.
Færøysk står på mange vis midt mellom vestnorsk og islandsk. Av kasusa er genitiv meir eller mindre ute av bruk, men skilnaden mellom nominativ, akkusativ og dativ står fast. Verba blir bøygde i tal, og i presens eintal også i person.
Fonologisk har færøysk gått gjennom mange nydanningar. Lange vokalar har vorte diftongisert, og ein del konsonantsamband har vorte forsterka.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.