Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
O (o) er den femtande bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (O, o). Bokstaven stammar frå fønikisk skrift. I semittisk syner bokstaven til ei form for aspirasjon, ein skarp strupelyd som liknar 'alef (sjå A), men er kraftigare. Bokstaven heiter på hebraisk ayin og tyder «auge». Teiknet var òg eit symbol for auge. Grekarane tok bokstaven i bruk for vokalen o, til å byrje med både for lang og kort o-lyd. Seinare laga dei ei omdanna form, Ω eller ω, for lang o-lyd og plasserte han sist i alfabetet og kalla han «o mega» eller «stor o». Til skilnad vart o, no berre nytta for kort o og kalla «o mikron», som tyder «liten o».
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
På norsk vert o dels uttalt som lukka o (til dømes rom) og dels som å (til dømes kopp). Berre den eldre runerekka har eit særleg o-teikn, medan dei yngre runene nyttar same teiknet for u og o.
O kan stå for:
O (også skrive Oh) er eit japansk slektsnamn, 王 med kanji/kinesisk skrift. I Kina finst etternamnet som Wang. Dei fleste japanarar med O som etternamn slektar på kinesarar.
O er òg namnet på eit slott i Mortrée-kommunen i Normandie. Herskarane over slottet brukte O som slektsnamn. Den mest kjende av desse er François d'O, som var ein favoritt til Henri III av Frankrike.
På Irland dannar O' eit farsnamn: O'Neill tyder sonen til Neill.
«O – bokstaven» i Store norske leksikon, snl.no.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.