Remove ads
nordisk språk som vart tala på Shetland og Orneyøyane From Wikipedia, the free encyclopedia
Norn (ei samandraging av adjektivet «norrøn») er eit nordisk språk som vart tala på Shetland, Orknøyane og Hebridane[1] før skotsk byrja ta over på 1400-talet. Norn var til liks med islandsk og færøysk eit vestnorsk utflyttarspråk, utgått frå norrønt, og høyrer saman med islandsk, færøysk og norsk til dei vestnordiske språka. Det var i bruk av somme heilt fram til 1800-talet, og vi finn restar att i ordforråd og namn, men i dag er norn rekna som eit utdøydd språk.[1]
Norn | ||
Klassifisering: | indoeuropeisk germansk nordisk vestnordisk norn | |
Bruk | ||
Utdøydd: | 1800-talet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | gem | |
ISO 639-3: | nrn | |
Ei folkevise på norn, «Hildinakvadet», vart skriven ned av G. Low i 1774.[1] Det mest omfattande vitskaplege arbeidet er gjort av Jakob Jakobsen, og hans arbeid dannar utgangspunkt for mykje av den seinare forskinga på norn.
På grunn av mangel på kjelder finst det ingen presise oversikter over lydverket i norn. Ut frå dei fåe skriftlege kjeldene ser ein mange likskapar med dialektar i sørvestnorsk. Det gjeld overgang frå /p, t, k/ til [b, d, g] før eller mellom vokalar og ein overgang frå /θ/ og /ð/til [t] og [d]. Morfologien var relativt lik dei andre vestnordiske språk; substantiv hadde to numerus, tre kjønn og fire kasus, medan verbbøyinga var tilsvarande lik.
Michael Barnes peikar i «The Norn Language of Orkney and Shetland» (1998) på at visse domene vart tapte tidlegare enn andre. Jakob Jakobsens granskingar i Det norrøne sprog på Shetland (1897) viser at norn heldt seg lengst i intimsfæren og i tradisjonelle domene som fiske og landbruk; norn overlevde derimot ikkje moderniseringa. Ein viktig bakgrunn for at norn ikkje overlevde moderiniseringa, var at Shetland og Orknøyane på 1400-talet kom under skotsk herredøme, seinare under britisk styre, og at kontakten med den nordiske språkfellesskapen fall vekk. Innflytting av skottar var saman med allmenne økonomiske og politiske vilkår med på å fremje skotsk som språk. Seinare kom engelsk inn som hovudspråk.
I ein freistnad på å liva opp att norn er det laga eit språk som vert kalla «nynorn».[2]
Orknøysk norn (Wallace, 1700).
|
Shetlandsk norn (Low, 1774).
|
Færøysk (Þorvaldur Bjarnarson, 1878).
|
Norrønt
|
Islandsk
|
Norsk (nynorsk)
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.