From Wikipedia, the free encyclopedia
Eurovision Song Contest 1960 var den femte utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga blei arrangert i Royal Festival Hall i London tysdag 29. mars 1960. BBC produserte sendinga etter at Nederland, som vann i 1959, takka nei til oppdraget. Katie Boyle var programleiar.
Eurovision Song Contest 1960 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Luxembourg var tilbake etter fråværet året før, mens Noreg debuterte i tevlinga. Dimed steig deltakartalet frå elleve til tretten, noko som var ny rekord.
Frankrike vann Eurovision Song Contest for andre gong, denne gongen med låten «Tom Pillibi», sungen av Jacqueline Boyer. Vertslandet Storbritannia enda på andreplass for andre år på rad, Monaco blei nummer tre, mens Tyskland og Noreg delte fjerdeplassen. Noreg var representert av Nora Brockstedt og Georg Elgaaens «Voi Voi». Fjerdeplassen er per 2024 framleis blant dei beste resultata til Noreg i Eurovision Song Contest.
Som vinnar av tevlinga året før var det Nederland som skulle ha arrangert Eurovision Song Contest dette året, men Nederland sa frå seg arrangørjobben, sidan dei hadde vore vertsnasjon to år tidlegare. EBU tilbaud i staden arrangementet til sølvvinnaren frå året før, Storbritannia. BBC takka ja til oppdraget og la finalen til Royal Festival Hall i London tysdag 29. mars 1960.[1]
Royal Festival Hall ligg på South Bank ved breidda av Themsen, like ved Hungerford Bridge. Med rundt 2900 sitjeplassar var dette den største Eurovision-arenaen til då. Dette var også fyrste gongen Storbritannia arrangerte ein finale, og BBC har steppa inn som reserve-vert ytterlegare fire gongar siden: i 1963, 1972, 1974 og i 2023 på vegner av Ukraina. Tevlinga i 2023 var den niande som Storbritannia arrangerte, meir enn noko anna land.
Talet på deltakande land var rekordhøgt, med tretten land. Blant deltakarane var Noreg, som debuterte i Eurovision Song Contest – trass i at NRK Fjernsynet framleis ikkje hadde starta ordinære sendingar. Det skjedde fyrst fem månader seinare.[2] NRK overførte finalen frå London direkte i radio, og som prøvesending i fjernsynet. Erik Diesen var kommentator i begge medium.
Luxembourg vende tilbake etter eit års pause, og for fyrste gong med ein song på luxembourgsk. Songen kom på sisteplass, men artisten Camillo Felgen fekk seinare ein suksessrik karriere som programleiar i TV og radio.[1] Det same gjorde nederlandske Rudi Carrell, som blei nest sist. Det austerrikske bidraget «Du hast mich so fasziniert» var skrive av den då 80 år gamle operette-komponisten Robert Stolz, men songen enda berre på ein sjuandeplass.[1]
Kvart deltakarland deltok via ein kringkastar som var medlem av EBU. Landa stilla med eit bidrag kvar, og dette skulle bli framført av ein solist eller ein duo. Det var med andre ord ikkje tillate med fleire enn to artistar på scena. Startrekkjefølgja blei avgjord ved loddtrekking som blei gjennomført av programleiar Katie Boyle dagen før finalen.[3] Musikalske og tekniske prøvar blei gjennomførte 28. og 29. mars, før direktesendinga om kvelden 29. mars.[4] Scena var designa av Richard Levin.[4]
Vinnaren blei kåret gjennom juryavrøysting. Som dei tre føregåande åra hadde kvart land ei jurygruppe med ti jurymedlemmar, der kvart jurymedlem gav eit poeng til sin favorittsong. Jurymedlemmane var nøydde til å røyste, og dei kunne ikkje røyste på sitt eige land.[1] Jurymedlemmane skulle vere lekfolk, og ikkje profesjonelle musikarar, utgjevarar eller komponistar. Nytt av året var at dei nasjonale jurygruppene fekk lytte til opptaket frå generalprøven på førehand før direktesendinga starta.[4][5]
Finalen blei arrangert tysdag 29. mars 1960 frå klokka 21.00–22.20 lokal tid (22.00–23.20 norsk tid).[4] Sendinga blei leia av den britiske TV-verten og skodespelaren Catherine «Katie» Boyle. Ho skulle seinare leie Eurovision Song Contest også i 1963, 1968 og 1974, og ho har rekorden som programleiar for flest finalar.[4][6]
Boyle ønskte sjåarar og publikummarar velkommen før kommentatorane frå dei ulike landa tok over. Kommentaren til BBC-kommentator David Jacobs blei overført til dei drygt 2500 publikummarane i salen.[4][5] Etter at dei tretten bidraga var framført, kom Katie Boyle tilbake på scena og sette straks i gong avrøystinga utan noko form for pausenummer.
Som åra før hadde kvart land ei jurygruppe på ti medlemmar, der kvart medlem gav eit poeng til sin favorittsong. Juryen kunne ikkje røyste på bidraget frå sitt eige land. Landa røysta i motsett rekkefølgje av startrekkefølgja, slik ordninga var fram til 1963.
Avrøystinga blei raskt ein tett kamp mellom Frankrike og vertsnasjonen Storbritannia. Frå dei siste jurygruppene fekk Frankrike høge poeng og vann til slutt med 32 poeng. Dette var den andre sigeren til Frankrike i Eurovision Song Contest, og den andre andreplassen til Storbritannia. Monaco blei nummer tre, mens Noreg og Tyskland delte fjerdeplassen. Sverige og Danmark enda på delt tiandeplass. Dei norske poenga blei lesne opp av Kari Borg Mannsåker frå NRK Marienlyst i Oslo.
Det var opphavleg planlagt at dei tre beste songane skulle framføre på nytt etter avrøystinga, slik det blei gjort i 1959, men dette blei droppa av BBC, og berre vinnarsongen fekk opptre på nytt.[4] Vinnaren Jacqueline Boyer fekk overlevert ei vase i sølv av fjorårsvinnar Teddy Scholten. Dette var fyrste gongen at ein fjorårsvinnar overleverte sigerstrofeet til den etterfølgjande vinnaren, noko som sidan har blitt ein tradisjon.[7]
Vinnarsongen «Tom Pillibi» blei populær også utanfor Frankrike, og Jacqueline Boyer spela han inn i tysk og engelsk versjon.[8] I tillegg blei songen spela inn av ei rekkje andre europeiske artistar, blant dei britiske Julie Andrews, svenske Inger Berggren, spanske José Guardiola, norske Sølvi Wang, danske Katy Bødtger og nederlandske Willeke Alberti.[9]
NRK starta opp med regulære tv-prøvesendingar i 1958 og var ivrige etter å delta i det gryande europeiske TV-samarbeidet. I desember 1959 gjekk NRK ut i norske aviser og inviterte norske komponistar til å sende inn bidrag til Melodi Grand Prix 1960.[10] Litt over 300 bidrag kom inn, og etter ein semifinale 4. februar 1960 var seks av dei klåre for den norske finalen i Store Studio laurdag 20. februar.[11][12] Den klåre vinnaren blei «Voi Voi», skriven av Georg Elgaaen og sungen av Nora Brockstedt.[13] Til den internasjonale finalen var det ein liten norsk delegasjon som stilla i London. Nora Brockstedt og dirigent Øivind Bergh var på plass nokre dagar før finalen, mens komponist Georg Elgaaen og kommentator Erik Diesen ankom London same dag. Debuten blei møtt med spenning – og norsk nøkternheit – idet Diesen kommenterte: «Jeg må si at her er det norske laget, Nora Brockstedt, Øivind Bergh, og selvfølgelig Georg Elgaaens melodi 'Voi Voi', i så fint selskap at vi nok skal være mer enn fornøyd med det man i sportsspråket ville kalle for en 'hederlig plassering'.»[3]
Nora Brockstedt stilla på scena i ei samekofte-inspirert kjole med pelskrage. Songen enda på ein delt fjerdeplass, som per 2024 er den sjette beste plasseringa til Noreg i tevlinga. «Voi Voi» blei også signaturlåten til Brockstedt og ein evergreen i norsk pophistorie.[14]
Det dåverende norske namnet på Eurovision Song Contest var Eurovisjonens sangkonkurranse og Melodi Grand Prix.[3] Det sistnemnde namnet var henta frå danskanes nasjonale tevling, som igjen var inspirert av den internasjonale finalen, som dei fyrste åra blei kalla Eurovision Grand Prix.
Startrekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking dagen før finalen.[3] Under er deltakarlista og resultatet:[15]
Startnr. | Land | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
01 | Storbritannia | Bryan Johnson | «Looking High, High, High» | Engelsk | 2 | 25 |
02 | Sverige | Siw Malmkvist | «Alla andra får varann» | Svensk | 10 | 4 |
03 | Luxembourg | Camillo Felgen | «So laang we's du do bast» | Luxembourgsk | 13 | 1 |
04 | Danmark | Katy Bødtger | «Det var en yndig tid» | Dansk | 10 | 4 |
05 | Belgia | Fud Leclerc | «Mon amour pour toi» | Fransk | 6 | 9 |
06 | Noreg | Nora Brockstedt | «Voi Voi» | Norsk | 4 | 11 |
07 | Austerrike | Harry Winter | «Du hast mich so fasziniert» | Tysk | 7 | 6 |
08 | Monaco | François Deguelt | «Ce soir-là» | Fransk | 3 | 15 |
09 | Sveits | Anita Traversi | «Cielo e terra» | Italiensk | 8 | 5 |
10 | Nederland | Rudi Carrell | «Wat een geluk» | Nederlandsk | 12 | 2 |
11 | Tyskland | Wyn Hoop | «Bonne nuit ma chérie» | Tysk | 4 | 11 |
12 | Italia | Renato Rascel | «Romantica» | Italiensk | 8 | 5 |
13 | Frankrike | Jacqueline Boyer | «Tom Pillibi[16]» | Fransk | 1 | 32 |
Artist | Land | Deltok i | Merknader |
---|---|---|---|
Fud Leclerc | Belgia | 1956 | Song «Messieurs les noyés de la Seine», det eine av to belgiske bidrag dette året. |
1958 |
Tavla er ordna i samme rekkefølgje som landa røysta i.[17]
Deltakarland | Poenggjevande land | Sum | Plass | ||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Storbritannia | 2 | 1 | 5 | 4 | 1 | 3 | 2 | 1 | 5 | 1 | 25 | 2 | |||
Sverige | 2 | 1 | 1 | 4 | 10 | ||||||||||
Luxembourg | 1 | 1 | 13 | ||||||||||||
Danmark | 2 | 1 | 1 | 4 | 10 | ||||||||||
Belgia | 3 | 1 | 1 | 4 | 9 | 6 | |||||||||
Noreg | 1 | 1 | 4 | 1 | 1 | 2 | 1 | 11 | 4 | ||||||
Austerrike | 1 | 1 | 2 | 2 | 6 | 7 | |||||||||
Monaco | 3 | 7 | 1 | 2 | 1 | 1 | 15 | 3 | |||||||
Sveits | 1 | 2 | 1 | 1 | 5 | 8 | |||||||||
Nederland | 1 | 1 | 2 | 12 | |||||||||||
Tyskland | 4 | 2 | 2 | 2 | 1 | 11 | 4 | ||||||||
Italia | 1 | 2 | 1 | 1 | 5 | 8 | |||||||||
Frankrike | 1 | 2 | 1 | 5 | 1 | 5 | 3 | 4 | 1 | 4 | 5 | 32 | 1 |
Mens Eric Robinson var sjefdirigent, hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.[18]
Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.[19]
Fjorten land kringkasta finalen: deltakerlanda samt Finland, som debuterte i tevlinga året etter. Oversikt over kommentatorar og poengopplesarar i Eurovision Song Contest 1960:[19]
Land | Kringkastar | Kanal | Kommentator | Kilde |
---|---|---|---|---|
Austerrike | ORF | ORF | Wolf Mittler (brukte kommentaren til tyske ARD) | [23] |
Belgia | INR | INR | Georges Désir | [4][24] |
NIR | NIR TV | Nic Bal | [25] | |
Danmark | DR | Danmarks Radio TV | Sejr Volmer-Sørensen | [26] |
Program 2 | ||||
Frankrike | RTF | RTF Télévision | Pierre Tchernia | [4][27] |
Italia | Rai | Programma Nazionale | Giorgio Porro | [27][28][29] |
Secondo Programma | ||||
Luxembourg | CLT | Télé-Luxembourg | Pierre Tchernia | [30] |
Monaco | TMC | Télé Monte-Carlo | Pierre Tchernia | [31] |
Nederland | NTS | NTS | Piet te Nuyl | [24][32] |
Hilversum 2 | ||||
Noreg | NRK | NRK Fjernsynet | Erik Diesen | [33] |
NRK Radio | Erik Diesen, sendt med ein times forseinking | [33][34] | ||
Storbritannia | BBC | BBC Television Service | David Jacobs | [35] |
Sveits | SF DRS | TV DRS | Theodor Haller | [27][36] |
SR DRS | Radio Beromünster | |||
TSR | TSR | Georges Hardy | ||
RSR | Radio Sottens | Ukjend | ||
RTSI | TSI | Ukjend | ||
Radio Monte Ceneri | Ukjend | |||
Sverige | Sveriges Radio | Sveriges Radio TV | Jan Gabrielsson | [5] |
SR P2 | ||||
Tyskland | ARD | Deutsches Fernsehen | Wolf Mittler | [4][11] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.