From Wikipedia, the free encyclopedia
Eurovision Song Contest 1956 (ESC 1956), offisielt 1. Gran Premio Eurovisione della Canzone Europea, var den fyrste gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Teatro Kursaal i Lugano i Sveits. Finalen fann stad torsdag 24. mai 1956. Sveits vann tevlinga med songen «Refrain», framført av Lys Assia.
Eurovision Song Contest 1956 | ||||
---|---|---|---|---|
|
||||
Dato | ||||
Finalen | 24. mai 1956 | |||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Finalen | 1 time og 40 minutt | |||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Finalen | Les Joyeux Rossignols og Les Trois Ménestrels | |||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
██ Deltok██ Aldri delteke | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
På eit møte med Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) i Monaco i 1955 kom det oppe ein ide om å arrangere ein europeisk musikktevling basert på den italienske festivalen Festival della Canzone Italiana di Sanremo.
Den sveitsiske byen Lugano vart vald som vertsby for arrangementet som vart arrangert eitt år seinare. Lohengrin Filipello var programleiar for tevlinga som varte i éin time og 40 minutt. Dei sju deltakarlande deltok med to songar kvar. Pausenummeret vart forlengja under tevlinga på grunn av forsinkingar med røystinga.
Vinnaren vart kåra av ein jury bestående av to delegatar frå alle deltagerlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Jurymedlemmane stod fritt til å røyste på dei songane dei likte best, òg songar frå sitt eige land. Røystegjevinga til juryen vart aldri presentert i programmet; ein talsmann kunngjorde ganske enkelt at Sveits hadde vunne. Dette var fyrst og fremst ein radiotevling. Sjølv om det fanst fjernsynskamera i studioet, finst det ikkje lenger nokon fjernsynsopptak av tevlinga, berre radioopptak.
Berre enkeltartistar fekk delteke i tevlinga, ikkje duoar eller grupper. Danmark, Storbritannia og Austerrike meldte seg på etter at tidsfrista var gått ut og vart dimed diskvalifisert. Bidraga frå Frankrike og Belgia vart ikkje spelt inn av artistane som song songane i Eurovision Song Contest.
Finalen vart halden 24. mai 1956 i Teatro Kursaal i Lugano. Sveits vann tevlinga for fyrste gong. Kvart land deltok med to songar kvar, det var fyrste og siste gongen det vart gjort slik. Under vinnarframføringa av songen «Refrain» gløymte Lys Assia teksten, så ho og orkesteret måtte starte på nytt. Det er fyrste og siste gong i historia at det har hendt.
Vinnarsongen heit opphavleg «Refrains», men den siste bokstaven vart fjerna frå tittelen før Eurovision Song Contest.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.