fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Tjuvjo (Stercorarius parasiticus) er ein sjøfugl i jofamilien, Stercorariidae. Lokale namn i Noreg inkluderer skoddejo i Trøndelag, leverjo i Nordland og mågeskit i Rogaland.[2] Han har sirkumpolar hekkeutbreiing rundt nordpolen, og trekker sørover til havområde ved kontinenta sør for ekvator når han ikkje hekkar.
Tjuvjo | |
Tjuvjo | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av Tjuvjo | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Jofamilien Stercorariidae |
Slekt: | Stercorarius |
Art: | Tjuvjo S. parasiticus |
Vitskapleg namn | |
Stercorarius parasiticus |
Artsnamnet er skildrande for åtferda, tjuvjoar er ekstremt kleptoparasittiske, elegante flygarar som tvingar andre sjøfuglar til å gulpe opp føda, for så å snappe ho opp i lufta.
Identifikasjon av tjuvjo er komplisert på grunn av likskapar med fjelljo og polarjo, og eksistensen av fargemorfar samt skilnader mellom sommar- og vinterdrakt. Tjuvjo er ein liten art i slekta, berre fjelljo er mindre. Kroppslengda er 37-44 centimeter og dei har 100–115 cm i vengespenn. I sommardrakt har tjuvjoar stjertspyd av dei to sentrale halefjørene, eit tillegg på 5-8,5 centimeter.[3] Kroppsmassen har eit variasjonsområde mellom ca. 380 til 510 gram, hoer har ca. 15-20 % større kroppsmasse enn hannfuglar.[4] Vaksne fuglar av lys morf har ei brun overside, hovudsakleg kvit underside og mørke primære vengefjører med ein kvit kontrastfull flekk, synleg som ein «blits» i flukta. Hovudet og halsen er gulkvite med ei svart hette. I vinterdrakt har den lyse morfen innslag av spragla gulbrunt og kvitt. Den mørke fjørdrakta er jamnt mørkebrun over det heile, og mellomfasefuglar er mørke med noko bleikare underside, hovud og hals. Alle morfar har den kvite vengeblitsen. Juvenile er spragla med tverrstriper.
Tjuvjoen er litt kraftigare, meir kortvenga og mindre terneliknande enn fjelljo. Dei er vanlegvis varmare tona, med brunare nyansar, i staden for grå. Likevel viser dei det same breie spekteret av fjørdraktvariasjonar. Flyginga er meir falkeaktig.
Det typiske lætet til desse fuglane er ein nasal, mjauande lyd, i spelet gjentatte nokre gongar. Varselropet deira er ein kortare «pjy».
Tjuvjoen hekkar på tundra i kystnære strøk både i Alaska, arktisk Canada og på Grønland. I Europa er arten vanleg på Island, Færøyane og det nordlege Skottland og på den norske fastlandskysten. Han hekkar vidare austover langs nordkysten av Russland, rundt Tsjuktsjarhalvøya mot Beringsundet og sørover rundt Kamtsjatkahalvøya. Fuglen førekjem også spreidd langs Austersjøen og Bottenvika, og på øyane i Barentshavet inkludert Novaja Semlja.
Arten er ein utprega kystfugl, som finst vanleg frå Møre og Romsdal og nordover. I Nord-Noreg også i større, men spreidde koloniar. Fuglane held seg til vanleg nær sjøen, men er også funne eit godt stykke frå havet på Varangerhalvøya. I sør finst fuglen lite vanleg somme stader, som på Vestlandet sør til Boknafjorden, på Skagerrakkysten og i ytre Oslofjorden. Den norske hekkebestanden er rekna til kring 5000-10 000 par per 2015. Fuglen er trudd å vere i tilbakegang i Noreg. I 2021 blei arten oppgradert frå nær truga til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[5]
Tjuvjoane hekkar seint, og dei fleste egga vert lagde i juni, to veker tidlegare i Sør-Noreg enn nordpå. Til vanleg legg hoa to egg. Ruginga varer 26 døgn. Denne tida driv foreldra ofte med avleiingsmanøvrar, med ynkelege pipelydar og såra åtferd, men når ungane er klekte er dei vaksne fuglane til dels svært aggressive. Ungane kan flyge etter om lag ein månad, og held seg i denne tida i territoriet. Fuglane hekkar første gong når dei er 3-5 år gamle, og lever gjerne i livslange monogame tilhøve.
Arten er ein utprega trekkfugl, tjuvjoar flyg helt sør til farvatn langs kysten av sørlege Afrika, Sør-Amerika, Australia og New Zealand der fuglane held seg gjennom vinterhalvåret i nord. Til dømes er tjuvjo den vanlegaste jo-arten som vert observert i havområda mellom New Zealand og Chathamøyane, ca. 44° sør.[6] Dei fleste norske tjuvjoane dreg frå hekkeplassane i september og kjem attende til Sør-Noreg seint i april, til Nord-Noreg i mai. Utanom hekketida viser tjuvjoane ein pelagisk livsførsel, oftast kvar for seg, men også i mindre grupper på 2-3 individ. På denne tida er det særleg alkefuglar, mindre måsar og terner som vert utsette for tjuvjoar som prøvar å rane til seg bytte.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.