Remove ads
fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Jofamilien (Stercorariidae) er ein biologisk familie av måsefuglar. Dei har kraftige og krokete nebb og spisse venger. Familien består av ei biologisk slekt, Stercorarius.
Jofamilien | |
Polarjo Foto: Patrick Coin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Jofamilien Stercorariidae |
Jofamilien samlar i alt sju sjøfuglar som i stor grad lever pelagisk på verdshava når dei ikkje er på land for å hekke. Det finst fire nordlege artar og tre sørlege. Dei sørlege er store fuglar, ein av dei nordlege, storjo, er òg ein stor joart, dei tre andre nordlege artane er monaleg mindre med slankare kroppsform og forlenga midtre halefjører i hekkedrakt. Alle joar hekkar på bakken, og som gruppe hekkar joane sirkumpolart både på den nordlege og sørlege halvkula. Dei nordlege artane hekkar i arktiske strøk og nærliggjande tempererte område. I sør hekkar joar på Antarktis, på antarktiske og subantarktiske øyar og i nærliggjande tempererte område. Hekkehabitata er på øyar, på snaufjell, kystheier og tundra. Dei er langdistanseflyttfuglar, og streiffuglar av sørjoar blir jamvel observerte på Amundsen-Scott-basen på Sørpolen.[1][2]
Joar er middels til store fuglar, fjørdrakta er mest i gråbrunt og skittenkvitt, ofte med kvite teikningar på vengene.[3] Nokre av artane har både ein lys og ein mørk morf, samt ein mellomfase. Kjønna er like. Dei varierer i storleik frå fjelljo, Stercorarius longicauda, på 310 gram, til sørhavsjo, Stercorarius antarcticus, på 1,95 kg. I gjennomsnitt er ein jo ca. 56 cm lang, og måler 121 cm i vengespenn.[treng kjelde] Dei har lange nebb med ein nedbøygd tupp som store måsar, og symjehud på føtene med skarpe klør. Dei store joartane ser ut som store, mørke måsar. Vaksne individ av dei tre minste artane fjelljo, tjuvjo og polarjo får karakteristiske halespyd av sentrale halefjører. Joane er sterke, akrobatiske flygarar og er generelt aggressive i disposisjon.
Utanfor hekkesesongen lever joane av fisk og åtsel. Mange er delvis kleptoparasittar, opptil 95 % av fangsten for overvintrande fuglar skjer ved å jage måsar, terner og andre sjøfuglar for å stele fangstane deira. Dei større artane som storjo, kan òg jamleg drepe og ete vaksne fuglar, til dømes lundar og måsar, og har vore registrert å drepe fuglar så store som ein gråhegre.[4] På hekkeområda vil dei tre meir slanke nordlege hekkefuglane ofte ete lemen. Artane som hekkar i Sørishavet beitar i stor grad på fisk som dei kan fange i nærleiken av hekkekoloniane. Egg og ungar av andre fuglar er ei viktig matkjelde for dei fleste joartane i hekketida.[3] I dei sørlege hava og i Antarktis-regionen, vil nokre joartar og spesielt sørjo beite på avfall i hekkekoloniar til pingvinar og sel, nokre gonger tar dei levande pingvinungar. I desse områda synest joane å vike for dei monaleg større kjempepetrellane.[treng kjelde]
Joane er medlemmer av den biologiske ordenen vade-, måse- og alkefuglar, dei er derfor nærskylde til mellom anna måsar og terner, alkefuglar og saksenebbar. Basert på genetikk, åtferd og fjørlus, kan det generelle tilhøvet mellom artane best uttrykkjast ved å plassere alle artar i éi slekt.[5] Studiar av mitokondrie DNA viser at polarjo og storjo er nærare nærskylde til kvarandre enn dei er til fjelljo, tjuvjo og til dei sørlege artane.[6]
Artsliste etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [8]
Artsnamn | Vitskapleg namn | Utbreiing |
Storjo | Stercorarius skua | Hekkar kystnært i arktisk del av nordvestre Eurasia; overvintrar i Sør-Atlanteren og Nord-Atlanteren medrekna Middelhavet. |
Kaneljo | Stercorarius chilensis | Hekkar på kysten av Chile og sørlege Argentina; trekker nordover til tropiske farvatn, så langt nord som utanfor Ecuador og Bahia i Brasil.[9] |
Sørjo | Stercorarius maccormicki | Hekkar på kysten av Antarktis, trekker nordover til Nord-Atlanteren, nordlege Stillehavet og nordlege Indiahavet. |
Sørhavsjo | Stercorarius antarcticus | Hekkar på Den antarktiske halvøya, sirkumpolart på subantarktiske øyar inkludert Aucklandøyane og Chathamøyane, Fiordland på Sørøya på New Zealand og andre øyar i landet; på søraustre kysten av Argentina Falklandsøyane, Tristan da Cunha og Gough Island. Overvintrar i Sør-Atlanteren og spreitt på sørlege hav. |
Polarjo | Stercorarius pomarinus | Hekkar sirkumpolart på arktisk tundra, overvintrar på sørlege hav. |
Tjuvjo | Stercorarius parasiticus | Hekkar kystnært sirkumpolart tempererte eller arktisk område, overvintrar på sørlege hav. |
Fjelljo | Stercorarius longicaudus | Hekkar sirkumpolart frå nordre Skandinavia over Sibir til arktisk del av Nord-Amerika, overvintrar sør for ekvator utanfor Sør-Amerika og Afrika. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.