From Wikipedia, the free encyclopedia
The Seeds er debutalbumet til det amerikanske garasjerockbandet The Seeds. Det kom ut i april 1966 på GNP Crescendo Records og var produsert av Marcus Tybalt og Sky Saxon. Etter dei to singlane «Can't Seem to Make You Mine» og «Pushin' Too Hard» i 1965, kom albumet ut og gjekk inn albumlista i USA, der det nådde 132. plassen på Billboard Top LPs & Tapes. I nyare tid har albumet fått positiv omtale og det vert sagt at albumet påverka punkrocken eit tiår seinare.[2]
The Seeds Studioalbum av The Seeds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1966[1] | |
Innspelt | Columbia Studios i Hollywood i California i USA | |
Sjanger | Garasjerock, psykedelisk rock, proto-punk, acid rock[2] | |
Lengd | 34:44 | |
Selskap | GNP Crescendo | |
Produsent | Sky Saxon, Marcus Tybalt | |
The Seeds-kronologi | ||
---|---|---|
The Seeds | A Web of Sound (1966) | |
Singlar frå The Seeds | ||
|
Som mange garasjerockband er vokalstilen til songaren Sky Saxon inspirert av Rolling Stones-songaren Mick Jagger, men er òg blitt samanlikna med vokalen til rockabillyartistane Buddy Holly og Eddie Cochran.[4]
The Seeds gav ut to singlar før albumet kom i 1966: «Can't Seem to Make You Mine» i juni 1965 og «Pushin' Too Hard» i november.[1] The Seeds kom ut i april 1966. Den tredje singelen frå albumet var «Try to Understand», men denne gjekk ikkje inn på lista i USA.[1] «Pushin' Too Hard» vart gjeven ut på ny i oktober 1966 og gjekk inn på singellista i USA i 1967, då han nådde 36. plassen i februar.[1][5]
The Seeds har blitt gjeve ut på ny fleire gonger på både vinyl og CD, ofte i lag med det neste albumet deira, A Web of Sound.[6] Somme av dei nyare utgåvene har jerna songen «Lose Your Mind» frå den originale vinylutgåva.[3]
I 2012 gav Big Beat Records ut The Seeds i ei luksusutgåve med nymastra lyd i bonus, i tillegg til ti nye bonusspor av songar som ikkje var gjevne ut før.[7]
Alle songar er skrivne av Sky Saxon, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Can't Seem to Make You Mine» | 3:05 | |
2. | «No Escape» | Jimmy Lawrence, Jan Savage, Saxon | 2:16 |
3. | «Lose Your Mind» | 2:11 | |
4. | «Evil Hoodoo» | Daryl Hooper, Saxon | 5:19 |
5. | «Girl I Want You» | 2:26 | |
6. | «Pushin' Too Hard» | 2:38 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Try to Understand» | 2:53 |
8. | «Nobody Spoil My Fun» | 3:54 |
9. | «It's a Hard Life» | 2:40 |
10. | «You Can't Be Trusted» | 2:12 |
11. | «Excuse, Excuse» | 2:21 |
12. | «Fallin' in Love» | 2:49 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «She's Wrong» | 2:13 |
14. | «Daisy Mae» | 2:20 |
15. | «Dreaming of Your Love» | 2:19 |
16. | «Out of the Question - Take 1» | 3:02 |
17. | «Out of the Question - Master» | 2:23 |
18. | «Pushin' Too Hard» | 3:15 |
19. | «Girl I Want You» | 2:22 |
20. | «Evil Hoodoo» | 15:59 |
21. | «It's a Hard Life» | 2:37 |
22. | «Nobody Spoil My Fun» | 3:50 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.