Sky Saxon
amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Sky «Sunlight» Saxon (20. august 1937–25. juni 2009) var ei amerikansk rockemusikar, mest kjend som leiar og songar i det psykedeliske garasjerockband The Seeds i Los Angeeles på 60-talet.[1]
Sky Sunlight Saxon | |||
Saxon i Tyskland i mars 1989 | |||
Fødd | 20. august 1937 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Salt Lake City i Utah i USA | ||
Død | 25. juni 2009 (71 år) | ||
Dødsstad | Austin i Texas i USA | ||
Fødenamn | Richard Elvern Marsh | ||
Alias | Little Richie Marsh | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1962–2009 | ||
Sjanger | Rock, psykedelisk rock, garasjerock, acid rock, proto-punk | ||
Instrument | Song, bassgitar, gitar | ||
Plateselskap | GNP Crescendo | ||
Verka som | Musikar Låtskrivar |
Saxon byrjar karrieren sin som doo-wop-songar tidleg i 1960-åra med namnet Little Richie Marsh.[2] Etter å ha endra namn til Sky Saxon, skipa han The Electra-Fires i 1962 og så Sky Saxon & the Soul Rockers.[3] Fleire av desse tidlege songane vart gjevne ut i 1983 på albumet New Fruit from Old Seeds / The Rare Sky Saxon, Volume One.
I 1965 skipa Saxon det psykedelisk flower power-bandet The Seeds med Jan Savage (gitar), Rick Andridge (trommer) og Darryl Hooper (klaverinstrument).[4] Dei fekk hittar som «Can't Seem to Make You Mine», «Mr. Farmer» og «Pushin' Too Hard». Songstilen til Saxon vart kritisert av Lester Bangs som ei amerikansk etterlikning av Mick Jagger,[5] medan Michael Hicks reknar stilen som ei komplisert blanding av Jagger, Eddie Cochran og Buddy Holly.[6]
I 1970-åra fortsette Saxon å arbeide med musikk og gav ut fleire singlar og nokre få sjølvstendige album, ofte med namna Sky Sunlight Saxon, The New Seeds eller variantar av dette.
I 1973 vart han medlem av den religiøse gruppa Source Family, og det var her han fekk namna Sunlight og Arlick.[7][8] I 1998 sette Saxon saman ei samlinga av 13 CD-ar med psykedelisk, primitiv musikk spelt inn av bandet til denne religiøse gruppa, Ya Ho Wa 13 1970-åra.[9]
I 2008 samarbeidde Saxon og The Seeds på nokre nye ongar med Billy Corgan frå Smashing Pumpkins.[10] Saxon var seinare med i musikkvideoen til Smashing Pumpkins-songen «Superchrist».[11]
Den 25. juni 2009 døydde Saxon uventa på eit sjukehus i Austin i Texas etter at ein enkel infeksjon hadde spreidd seg til organa hans. Han døydde av hjarte- og nyresvikt, 71 år gammal.[12]
Mediadekninga av dødsfallet hans hamna stort sett i skuggen av Michael Jackson, som døydde same dagen.
Den 24. juli 2009 heldt medlemmar av The Smashing Pumpkins, Love og The Electric Prunes ein minnekonsert i Los Angeles for Saxon.[13]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.