Remove ads
amerikansk songar og gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia
Eddie Cochran (3. oktober 1938–17. april 1960) var ein amerikansk rock and roll-pioner som i den korte karrieren sin hadde ein liten men varig innverknad på rockemusikken gjennom gitarspelinga si. Rockabilly-songane til Cochran, som «C'mon Everybody», «Somethin' Else» og «Summertime Blues», fanga tenåringsfrustrasjonen og begjæret seint i 1950- og tidleg i 1960-åra.[1] Han døydde i ei trafikkulukke i London, der både forloveden og songaren Gene Vincent overlevde. Han rekte å gje ut tre album før han døydde, og ei rekkje tidlegare uutgjevne opptak har òg kome sidan.
Eddie Cochran | |||
| |||
Fødd | 3. oktober 1938 Albert Lea i Minnesota | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Albert Lea | ||
Død | 17. april 1960 (21 år) Chippenham i Wiltshire i England | ||
Dødsstad | Bath | ||
Fødenamn | Edward Raymond Cochran | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1953–1960 | ||
Sjanger | Rock and roll, rockabilly | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Kjende instrument | Gretsch 6120 | ||
Plateselskap | Liberty | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, musikar | ||
Sambuar med | Sharon Sheeley | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
På trass av den korte karrieren sin, har Cochran hatt ei stor tyding for rockemusikk sidan. Han var ei inspirasjonskjelde både for beat- og mod-rørslene på 1960-talet og punk-rørsla på 1970-talet. Songane hans har seinare vorte spelt av blant andre The Who, The Beach Boys, Sid Vicious, The White Stripes og Paul McCartney. I 1987 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Cochran var ein av dei største inspirasjonskjeldene til Joachim Nielsenog Jokke & Valentinerne-songen «Kong Eddie», frå albumet Frelst! er ein hyllestsong til ære for Eddie Cochran.
Plasseringane er frå Billboard Hot 100.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.