From Wikipedia, the free encyclopedia
Säntis er eit 2 502 meter høgt fjell i det nordaustlege Sveits. Fjelltoppen ligg på grensa mellom dei tre kantonane Appenzell Ausserrhoden, Appenzell Innerrhoden og St. Gallen. Säntis er det høgste fjellet i alle dei tre kantonane og i Appenzelleralpane. Frå toppen kan ein sjå seks land; Sveits, Austerrike, Frankrike, Italia, Liechtenstein og Tyskland.
Säntis | |||
fjell | |||
Säntis til venstre og Schafberg | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Appenzelleralpane | ||
Høgd | 2 502 moh. | ||
Primærfaktor | 2 021 m | ||
Koordinatar | 47°14′57.73″N 9°20′35.92″E | ||
Førstestiging | to prestar | ||
- dato | 1680 | ||
Säntis 47.249167°N 9.343333°E | |||
Plassering i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Säntis | |||
Fjelltoppen vart nådd første gongen den 14. desember 1680, då to prestar og ein naturforskar frå Zürich saman med ein førar frå Appenzell Innerrhoden gjekk til topps. Dei tok turen for å kome nærare ein komet som passerte jordkloten.
Frå Schwägalp går det ei taubane til toppen av Säntis. Den første taubana vart bygt 1933-35. Allereie i 1846 vart det bygt gjestgjeveri på toppen, og sidan 1882 var det ein betjent vêrstasjon på fjellet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.