From Wikipedia, the free encyclopedia
Appenzell Innerrhoden er ein kanton i Sveits som består av tre landområde som ligg fråskilt einannan, inn i mellom kantonane Appenzell Ausserrhoden og St. Gallen. Kantonen har eit totalt landareal på 173 km2, og hadde 16 000 innbyggarar i 2018. Appenzell Innerrhoden er den minste kantonen i Sveits kva gjeld folketal, og den nest minste i areal. Appenzell er hovudstad i kantonen.
Appenzell Innerrhoden | |||
Appenzell Rhodes-Intérieures Appenzello Interno Appenzell Dadens | |||
kanton | |||
|
|||
Forkorting: AI | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Del av | Aust-Sveits, Northeastern Switzerland, Appenzellerland | ||
Hovudstad | Appenzell | ||
Høgaste punkt | Säntis | ||
• høgd | 2 502 moh. | ||
Areal | 172,48 km² | ||
Folketal | 16 145 (31. desember 2018)[1] | ||
Kanton sidan | 1513 | ||
Appenzell Innerrhoden 47.3°N 9.4°E | |||
Kart som viser Appenzell Innerrhoden.
| |||
Wikimedia Commons: Canton of Appenzell Innerrhoden | |||
Kantonen er rik på fjell, men noko over halvdelen av arealet, om lag 56%, vert nytta til landbruksføremål. Det høgste fjellet, Säntis, er 2 502 meter over havet, og er trekantonspunkt for dei tre kantonane Appenzell Innerrhoden, Appenzell Ausserrhoden og St. Gallen.
9,8% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Tysk er talemål for 92,9% av folket, 2,5% har serbokroatisk og 1,0% albansk til morsmål. 81% soknar ti den romersk-katolske kyrkja, medan 10% er protestantar.[treng kjelde]
Appenzell Innerrhoden består av seks kommunar, offisielt nemnt som distrikt (Bezirke). Dei er Appenzell, Gonten, Oberegg (som er delt i to enklavar), Schlatt-Haslen, Rüte og Schwende.
Nokre av landsbyane i kantonen, derimellom hovudstaden Appenzell, er delt mellom fleire kommunar/distrikt.
Appenzell høyrde opphavleg til fyrstedømet St. Gallen, men frigjorde seg og danna i 1411 «volksbund Appendzell». I 1452 gjekk det i allianse med i det sveitsiske eidsforbundet, frå 1513 har det vore ein fullverdig medlem av forbundet.
Fram til 1597 utgjorde Appenzell Innerrhoden saman med Appenzell Ausserrhoden kantonen Appenzell. Etter reformasjonen vart Appenzell i 1597 delt i to delar, den protestantiske Ausserrhoden og den katolske Innerrhoden. Heilt til 1999, hadde begge status som halvkantonar. Til dess hadde kantonen ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Sidan har kantonen hatt ei røyst, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
Trass i at Sveits innførte allmenn kvinneleg røysterett i 1971, vart røysterett for kvinner innført i Appenzell Innerrhoden først i 1990.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.