Taubane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Taubane

Taubane (tidlegare òg skrive togbane, der tog tyder tau), òg kalla svevebane, er eit transportmiddel som går i luftspenn for frakt av personar eller gods. Taubanen har ein gondol (eit innelukka rom, mest for persontransport) eller ei anna form for transportkasse som heng i ein arm ned frå ei innretning med hjul som rullar på oversida av ein tjukk vaier som er opphengde i to eller fleire master over ei kort eller lang strekning, og har ein tynnare vaier kopla til ein vinsj for å drege gondolane. Det er òg tryggleiksystemer som skal kunne bremse eller stogge gondolane i ein naudsituasjon.

Thumb
Taubane. Trekkvaieren kan sjåast under berekabelen. Opphenget er forma slik for at gondolen skal kome seg forbi dei traversa på mastene som held berekabelen oppe.
Thumb
Taubanen til toppen av Teide på Tenerife.
Thumb
Taubane i LongyearbyenSvalbard som tidlegare frakta kol, men no er teke ut or bruk.

Taubaner med gondolar for i hovudsak å frakte personar, vert ofte òg kalla gondolbanar.

Ei taubane bør byggjast i ei strekning med stigning, dersom ho ikkje skal ha ein vinsj i kvar ende. Når bana ligg i stigning, er ho gjerne bygd med to berekablar for kvar sin gondol. Dei er kopla saman på den måten at den gondolen som går opp nyttar den som går nedover som motvekt, samstundes som den gondolen som går nedover vert bremsa av godolen som går oppover. Slik spararst det energi til å drive bana. Same prinsippet vert nytta på kabelbanar, som er baner som går på skjener i bratt terreng.

Nokre taubaner i Noreg

Thumb
Harastølsbanen i Luster i Sogn.
Foto: Guttorm Flatabø
  • HangursbanenVoss. No avvikla gondolbane som i si tid gjekk frå litt oppom jarnbanestasjonen på Vossavangen til toppen Hanguren. Dei to gondolane heitte Dinglo og Danglo.
  • Harastølsbanen i Luster i Sogn. Bana går opp lia til Harastølen (Lyster Sanatorium) og var nytta til både person- og godstrafikk
  • Ulriksbanen i Bergen. Bana går opp til fjelltoppen Ulriken. Ho er ei gondolbane og vert nytta til persontrafikk. Dei to gondolane heiter Perle og Bruse.
  • Yndesdalsbanen i Luster i Sogn. Bana kryssar Veitastrondsvatnet og garden Osphola, og går mellom gardane Yndesdal i Luster og Ugulsvik. Bana vart nytta til godstrafikk, men personar har også teke turen på «strengen».
  • KrossobanenRjukan

Lovregulering

Taubanelova har nærare reglar om løyve til å bygge taubaner, skitrekk med vidare, og kontroll med desse.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.