Samland
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Samland (russisk Земландский полуостров, Zemlandskij poluostrov) eller Sambia er ei halvøy i Kaliningrad oblast i Russland, på søraustkysten av Austersjøen.
Samland | |||
halvøy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Samland 54.833333333333°N 20.283333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Sambia Peninsula | |||
Sambia er kalla opp etter sambiane, eit utdøydd folk som høyrte til gammalprøyssarane. Samland er det tyske namnet på halvøya i tillegg til andre germanske språk. På polsk og latin vart halvøya kalla Sambia, medan det litauiske namnet er Semba.
Samland var opphavleg tynt folkesett av sambiar. Regionen vart erobra av den tyske riddarordenen på 1200.talet og Bispedømet Samland vart, i lag med bispedøma Pomesdania, Ermland og Culm, eitt av fire bispedøme i Preussen i 1243. Nybyggjarar frå Det tysk-romerske riket starta å kolonisere området, medan sambiske prøyssarar gradvis vart assimilert. Halvøya var det siste området der gammalprøysisk vart snakka før det forsvann på slutten av 1700-talet.
Halvøya vart ein del av Storhertugdømet Pressen då Klosterstaten til Den tyske riddarordenen vart sekularisert i 1525. Dette hertugdømet gjekk i arv til Markgrevskapet Brandenburg i 1618 og Hohenzollern-monarkane erklærte etter kvart Kongedømet Preussen i 1701. Samland vart ein del av provinsen Aust-Preussen i 1773. Preussen samla Tyskland til Det tyske keisardømet i 1871.
Etter den første verdskrigen vart Samland vart eksklavar i Weimarrepublikken. I 1945, etter den andre verdskrigen vart Aust-Preussen delt mellom Polen og Sovjetunionen. Samland vart ein del av Kaliningrad oblast, kalla opp etter den nærliggande byen Kaliningrad (historisk tysk Königsberg eller på slavisk Kráľovec) og dei tyske innbyggjarane vart kasta ut.
Samland vart så folkesett med russarar og kviterussarar. I dag ligg to feriestader her, Zelenogradsk (Cranz) og Svetlogorsk (Rauschen).
Baedeker[1] skildrar Samland som «eit frodig og delvis skogkledd område med mange innsjøar, som ligg nord for Königsberg» (i dag Kaliningrad). Det høgaste punktet er 120 meter over havet og ligg 19 km nord for Pereslavskoje (Drugehnen) ved skistaden Galtgarben.[a 1]
Rav er funne i området i over tusen år, særleg på kysten nær Kaliningrad. I 1900 vart rav hovudsakleg transportert austover for å nyttast i piper og til utsmykking.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.