fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Riksefamilien, rikser (Rallidae) er ein stor biologisk familie i ordenen tranefuglar (Gruiformes) av små til mellomstore fuglar med kort og rund kropp. Dei har breie og korte venger. Familien viser monaleg mangfald og omfattar òg pupurhøner og sothøner. Mange artar er knytte til våtmarker, sjølv om familien er funnen i alle habitat på bakken, med unnatak av tørre ørkenar, polare regionar og alpine område over snøgrensa. Medlemmer av riksefamilien finst på alle kontinenta unntatt Antarktis. Det er mange artar med leveområde på isolerte øyar. Vanlege habitat er myr eller tett skog, dei føretrekk ofte tett vegetasjon.[1]
Kjappe fakta
Riksefamilien
Åkerrikse, Crex crex Teikning av Johann Friedrich Naumann, 1899
Rikser er ein ganske homogen familie av små til mellomstore bakkelevande fuglar. Dei varierer i lengd frå 12 til 63 centimeter og i vekt frå 20 til 3000 gram. Utforminga av nebbet er variabelt innanfor familien: Hos nokre artar er det lengre enn hovudet, som hos klaprerikse, i andre kan det vere kort og breitt som blant sothøner, eller massivt, som hos purpurhøner.[2] Nokre sothøner, purpurhøner og sivhøner har eit frontalt skjold, som er ei kjøttfull forlenging av øvre nebb som dekkjer framhovudet. Det mest komplekse frontalskjoldet finst hos hornsothøne.[3] Rikser viser svært liten kjønnsdimorfisme både i fjørdrakt og i storleik.
Vengene på alle rikser er korte og avrunda. Artane som har flygeevne kan halde seg i flukt over lengre tid, og mange artar migrerer årleg. Men veikskapen ved flyginga deira gjer at dei lett blir blåsne ut av kurs, og dermed er dei vanlege streiffuglar, ein eigenskap som òg har ført til at dei har kolonisert mange isolerte oseaniske øyar. Vidare vil desse fuglane ofte føretrekke å springe i staden for å flyge, spesielt i tette habitat. Nokre er òg utan flygeevne i ein del av myteperioden.[4]
Mange med leveområde på isolerte øyar er utan flygeevne fordi små øyhabitat utan predatorar eliminerer trongen til å flytte seg snøgt. Flyging er energikrevjande, brystbeinkammen og flygemusklane tar opp ein fjerdedel av kroppsmassen av rikseartar. Reduserte flygemusklar, med ei tilsvarande senking av metabolske krav, sparer riksene som ikkje kan flyge for energibruk.[5] På grunn av dette, kan fuglar utan flygeevne lettare overleve og kolonisere ei øy der ressursar elles er avgrensa.[6] Tap av flygeevne kan utvikle seg svært raskt hos øyartar, det tok så lite som 125000 år for den no utdøydde laysanriksa, Porzana palmeri, å miste evna til flyging og å utvikle reduserte, butte venger berre nyttige for å halde balansen til fots.[7]
Generelt er medlemmer av riksefamilien allsidige altetande. Mange artar et virvellause dyr, og dessutan frukt eller frøplanter. Nokre artar er i hovudsak vegetariske.[1]Lydytringar frå artar i riksefamilien varierer, dei er ofte ganske høglydde. Lætet er nokre fløyteliknande eller pipande tonar, medan andre ikkje liknar fuglelæte.[8] Rikseartar som trekkjer gjer det på natta.
Dei mest typiske familiemedlemmene okkupere tett vegetasjon i fuktige omgivnader nær innsjøar, sumpar eller elvar. Takrøyrbelte er spesielt nytta habitat.
Dei fleste hekkar i tett vegetasjon. Generelt er dei skye, lydlause og vanskelege å observere. Typisk spring riksene energisk på sterke bein, og har lange tær som er godt tilpassa mjuke, ujamne overflater. Sjølv om dei er generelt svake flygarar, er dei likevel i stand til å dekke lange avstandar.
Mange artar i takrøyrbeltet er lydlause, bortsedd frå når dei nyttar rop, og dei er aktive i tussmørke. Sothøner er meir tilpassa opne vatn enn slektningane, og nokre andre store artar er sultanhøne og sivhøner. Den største riksa er arten takahe, på 65cm og 2,7kg.
Reproduksjon
Hekkebiologien for mange rikseartar er dårleg forstått eller er ukjent. Dei fleste blir trudd å vere monogame, sjølv om polygyni og polyandri har vorte rapportert.[9] Som oftast legg dei fem til ti egg. Kullstorleikar frå eit til femten egg er kjende.[9] Ungane sym eller går etter nokre dagar, ofte er dei avhengige av foreldra sine fram til dei kan flyge etter rundt ein månad.[3]
Rikser har lidd uforholdsmessig frå menneskelege endringar i miljøet, og det er estimert [treng kjelde] at fleire hundre artar av rikser med utbreiing på øyar har vorte utrydda på grunn av dette. Fleire øyartar av rikser er framleis truga, og naturvernorganisasjonar og styresmakter held fram med å arbeide for å motverke utrydding.
Nokre større, og talrike artar er jaktfuglar for menneske og egga blir nytta som matkjelde.[10] Wakerikse, Gallirallus wakensis blei jakta til utrydding av ein svolten japansk garnison etter at Wakeøya blei avskoren frå forsyningar under den andre verdskrigen.[11] Minst to artar, sivhøne og amerikapurpurhøne, har blitt vurdert å vere skadedyr.[10]
Ettersom mange av øyartane har hatt ein tendens til å tape flygeevna, var dei vore ute av stand til å takle introduserte artar. Dei mest dramatiske menneskeskapte utryddingane skjedde i Stillehavet når folk koloniserte øyane i Melanesia, Polynesia og Mikronesia. Det er estimert at 750-1800 fugleartar blei utrydda frå Stillehavsøyar, halvparten rikser.[12] Einskilde artar som kom nær utrydding, slik som moserikse, og takahe, har gjort moderat framgang igjen på grunn av innsatsen til naturvernorganisasjonar. Guamrikse kom faretruande nær utrydding då slangeartenBoiga irregularis blei introdusert på Guam. Nokre av dei siste attverande individ av guamrikse blei tatt i fangenskap og formeirer seg godt, men freistnadar på å gjeninnføre ho har gjeve blanda resultat.
Det finst om lag nolevande 133 artar fordelt over 34 biologiske slekter, 16 av desse er monotypiske, (inneheld berre ein art). Fram til nyleg var dunrikser ein del av familien, men Clementslista gjer dunrikser til ein sjølvstendig familie frå versjon 6.8 i 2013.[13]
McNab, B.K. & Ellis, H.I. (2006): Flightless rails endemic to islands have lower energy expenditures and clutch sizes than flighted rails on islands and continents. Comparative Biochemistry and Physiology A - Molecular & Integrative Physiology145(3): 295-311. doi:10.1016/j.cbpa.2006.02.025 (HTML fulltext)
McNab, B.K. (1994): Energy conservation and the evolution of flightlessness in birds. American Naturalist144(4): 628-642. HTML abstract and first page image
Slikas, B.; Olson, Storrs L. & Fleischer, R.C. (2002): Rapid, independent evolution of flightlessness in four species of Pacific Island rails (Rallidae): an analysis based on mitochondrial sequence data. J. Avian Biol.33(1): 5-14. doi:10.1034/j.1600-048X.2002.330103.x (HTML fulltext)
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Riksefamilien
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.