Myting eller fjørfelling hos fuglar er ein prosess der gamle fjør fell av og nye fjør veks ut.
Ferdig utvakse fjører er daude strukturar som gradvis vert slitne og treng fornying. Dei fleste fugleartar bytar ut fjørene kvart år, sjølv om enkelte artar myter to eller fleire gonger i året og store rovfuglar kan la det gå fleire år mellom kvart fjørskifte. Hos mange artar medfører mytinga skifte av fjørdrakt.
Skildring av myting
Mønstret i mytinga varierer frå art til art. Sporvefuglar myter flygefjørene ved å byte ut ei fjør om gongen. Hovudmønsteret er at primære svingfjører vert byta frå inste fjør og utover, medan sekundære fjører vert byta ut frå ytste og innover. Dei startar med den inste primære. Når den femte av dei seks primære fjørene blir erstatta, startar dei ytste tertiære fjørene å falle av. Når dei inste tertiære er mytt, vil dei inste sekundære begynne å felle, og dette held fram til den ytre fjøra, ei sentrifugal myting. Dei store primære handdekkfjørene vert byta ut synkront med primærfjørene som dei overlappar.
Eit lite tal av artar, som ender og gjæser, mister alle flygefjørene samstundes og manglar derfor flygeevne i perioden medan nye fjører veks ut.
Halen
Som ein generell regel, starar mytinga av halefjørene med det inste paret. Dette mønsteret ser ein til dømes hos sporvefuglar. Blant fasanar kan ein observere sentripetal myting av halefjørene, det vil seie prosessen startar med det ytste paret. Hos spettefamilien og trekryparar er rekkjefølgja annleis. Dei startar mytinga med det nest inste halefjørparet og sluttar med det sentrale paret. Medan halefjørene myter er halen likevel fullt funksjonell som stø når fuglen kryper eller arbeider på trestammar.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.