fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Spettefamilien er ein biologisk familie, Picidae, av spettar, pikulettar og vendehalsar, nær sporvefuglar. Medlemmer av denne familien finst over heile verda, unntatt i Australia og New Zealand, Madagaskar, og dei ekstreme polare områda. Dei fleste artane lever i skog eller skogkledde habitat, sjølv om nokre få artar er kjente for å leve i trelause område som steinete åssider og ørkenar. Medlemmer av familien Picidae har sterke nebb for å hakke og å tromme på trestammar og særs lange kleimne tunger for å rekkje inn i sprekkar og gripe tak i føda.[1]Insekt og larver er viktige byttedyr.
Picidae er berre ein av sju familiar samla i ordenenspettefuglar, Piciformes. Medlemmer av ordenen Piciformes, slik som skjeggfuglar, tukanar og voksetarar, har tradisjonelt vore antatt å vere svært nært knytt til hakkespettar, pikulettar og vendehalsar. Meir nyleg har DNA-sekvensanalysar stadfesta dette synet.[2]
Det er ca. 220 artar og ca. 30 slekter i denne familien. Mange artar er trua på grunn av tap av habitat eller habitatfragmentering. IUCN reknar dei to artane elfenbeinsspett og keisarspett som kritisk trua,[3][4] og det er uklart om desse artane enno eksisterer.
Den stive halen hos spettar er avgjerande for klatringa og beiteteknikken deira. Halen blir brukt som ei støtte mot trestammen. Den minste hakkespetten er amazonpikulett, på 7 gram og 8 centimeter. Den største hakkespetten var keisarspett, til ein gjennomsnittslengd på 58cm og sannsynlegvis over 600 gram. Elfenbeinsspett er, eller var, litt mindre med 50cm og ei vekt på 500 gram. Viss både elfenbeinsspett og keisarspett faktisk er utrydda, den største nolevande hakkespetten er den store skiferspett i Søraust-Asia, på ca. 50cm og 450 gram. Ei rekkje artar viser kjønnsdimorfisme i storleik, nebblengd og i vekt. Blant pikulettar er det ofte hoer som er størst, blant hakkespettar som viser kjønnsdimorfisme er gjerne hannen den største av kjønna.
Dei fleste artane har hovudsakleg kvit, svart og brun, grøn og raud fjørdrakt, sjølv om mange pikulettar òg viser grått og olivengrønt i drakta. Spettar har ofte flekker i raudt og gult på hovudet og buken, og desse klårt farga områda er viktige signal. Det mørke området i fjørdrakta er ofte iriserande. Sjølv om kjønna av Picidae-artar har ein tendens til å sjå like ut, har mange hakkespettartar meir framtredande raudt eller gult i hovudteikningar hos hannar enn hos hofuglar.
Spettenebb er vanlegvis lengre, skarpare og sterkare enn nebb hos pikulettar og vendehalsar. Men morfologien blant alle tre gruppene er mykje lik. Blant fuglar som regelmessig brukar nebbet på treverk blir nebbspissen halden skarp med hakkinga. Hakkespettartar som brukar nebba sine i jord eller for å søkje, i motsetnad til vanlege hamring, pleier å ha lengre og meir nedkurva nebb. Mange pikulettar og vendehalsar med veikare nebb enn spettar, vil søkje føde i råte trevirke oftare enn hakkespettar. Den lange kleimen tunga, som har bustar, hjelper desse fuglane i å fange og hente ut insekt djupt inne eit hòl eller ei sprekk i eit tre. Eit detaljerte studium publisert i 2004 har vist at tunga blir lagt rundt byttet før det blir drege ut.[5]
Mykje av åtferda blant spettar som beiting, hekking og signalisering med lyd, inneber tromming og hamring med hjelp av nebbet.[6] For å unngå hjerneskade frå den raske og gjentatte oppbremsinga av fart, har hakkespettar utvikla ei rekkje tilpassingar for å verne hjernen. Desse inkluderer liten hjernestorleik, orienteringa av hjernen inne i hovudskallen som maksimerer området av kontakten mellom hjernen og skallen og kortvarig kontakt. Millisekundet før kontakt med treverket lukker den tykke blinkhinna, og vernar auget mot flygande treflis,[7] nasebora er òg verna, dei er ofte innskrenka og har spesielle fjører som dekkjer opningane.
Spettar, pikulettar og vendehalsar alle har zygodactyle føter. Zygodactyle føter har fire tær, den første og den fjerde vender bakover, og den andre og tredje er framvendt. Ein slik fot er veleigna for å ta tak i trestammane. Medlemmer av denne familien kan gå vertikalt opp ein trestamme, noko som er gunstig for aktivitetar som å søkje etter føde på stammen eller når dei hakkar ut reirplass. I tillegg til sterke klør og føter, har hakkespettar korte sterke bein, dette er typisk for fuglar som regelmessig beitar på trestammar. Halen på alle hakkespettar unntatt pikulettar og vendehalsar er stiv, og når fuglen kviler på vertikale flater, arbeider halen og føtene saman for å stø fuglen.[1]
Hakkespettane har ein stort sett kosmopolitisk distribusjon, sjølv om dei er fråverande frå Australasia, Madagaskar og Antarktis. Dei er òg fråverande frå øyar fjernt frå fastland, sjølv om mange isolerte artar er funne på kontinentale øyar. Den verklege spettane, underfamilie Picinae, er fordelt over heile spekteret av hakkespettar. Pikulettar har ein tropisk distribusjon, med artar i Søraust-Asia, Afrika og den neotropiske regionen, med Sør-Amerika som det mest artsrike området. Den einaste i slekta Nesoctites og i underfamilien Nesoctitinae er storpikulett, som er avgrensa til den karibiske øyaHispaniola. Vendehalsar har utelukkande distribusjon i «den gamle verda», med to artar som finst i Europa, Asia og Afrika.
Samla sett er spettefamilien trelevande fuglar i skogkledde habitat. Dei når sitt største mangfald i dei tropiske regnskogane, men finst i nesten alle eigna habitat, inkludert skog, savannar, krattskog og bambusskogar. Sjølv grassletter og ørkenar har vorte kolonisert av ulike artar. Desse naturtypane blir tatt i bruk om det finst ei lita mengd tre, eller i tilfelle av ørkenartar som kaktusspett, om høge kaktusar er tilgjengeleg for å hekke i.[8] Ei rekkje artar er tilpassa til å bruke ein del av tida til å søkje føde på bakken, og ein svært liten minoritet av artane har forlate trea heilt og hekkar i hòl i bakken. Jordspett er ein slik art, han lever i steinete og grasdekte åsar i Sør-Afrika. Tilgjenge på daude tre er truleg viktig for skogsartar som tretåspett, svartspett, flaggspett og dvergspett.
Picidae-artar kan anten vere standfuglar eller trekkfuglar. Mange artar er kjente for å halde seg i same område året rundt, medan andre trekker i store avstandar frå hekkeplassane sine til overvintringsområda. Vendehals, til dømes, hekkar i Europa og Vest-Asia og trekker til Sahel i Afrika om vinteren.[9]
Hakkespettane spenner frå svært asosial artar som er aggressive mot andre medlemmer av same arten, til artar som lever i grupper. Sistnemnde artar har ein tendens til å vere kolonihekkarar. I tillegg til desse artane, kan ei rekkje spetteartar bli med å beite i fleirartsflokkar saman med andre insektetande fuglar, sjølv om dei gjerne held seg i utkanten av desse gruppene. Deltaking i fleirartsflokkar kan hjelpe hakkespettar til å redusere tid til predatoraktsemd og å auke raten av næringstilgang.[10] Hakkespettar er dagaktive, og tar nattekvila inni hòla. Dei fleste artane gjer om kvileplassen til reirplass i hekketida.
Føde
Spettar lever hovudsakleg av insekt og larver plukka frå levande og daude tre. Anna føde er leddyr, saman med frø, bær, frukt, nøtter samt sevje frå levande tre. Rolla deira i økologisk samanheng er dermed å halde trea friske ved å verne mot masseåtak. Familien er kjent for evna si til å tilegne seg larver som borar i tre, men familien er samla sett karakterisert av fleksibilitet i matvaner, med mange artar som både er mykje altetande og opportunistiske. Insekt som byttedyr blir oftast funne inne trestammar, anten levande eller råte tre og inne i sprekkar i borken på trea. Desse inkluderer biller og larvene deira, maurar, termittar, edderkoppar og sommarfugllarver. Slik føde kan dei plukke på overflata eller hakke seg fram til i treverket. Etter å ha hakka eit hòl inn i trestammen, trekker spetten ut byttet med hjelp av ei lang pigga tunge. Eigenskapen dei har til å trenge inn i trestammar tillèt hakkespettar å få tilgang på tresevje, ei viktig matkjelde for nokre artar. Sevjespettane, slekta Sphyrapicus, er mest kjente for å ta føde på denne måten, men teknikken er ikkje avgrensa til denne slekta og andre som eikespett og kvithovudspett kan òg ete av sevja. Ein gong trudde ein at teknikken var avgrensa til «den nye verda», det viser seg at artar i «den gamle verda» som arabarspett og flaggspett gjer det likeins.[1]
Hekking
Alle medlemmer av familien Picidae er hòlerugarar, nesten alle i hòl i tre, men i ørkenar finst nokre artar som hekkar i kaktus og nokre artar hekkar i hòl grave ned i jorda. Spettar og pikulettar vil hakke ut sine eige reirplassar, men vendehalsar gjer det ikkje. Det utgravne reirhòlet er vanlegvis berre kledd med flis frå treet. Mange artar av spettar hakkar eitt hòl per hekkesesong, nokre gonger med fleire forsøk. Det tek rundt ein månad å fullføre arbeidet. Nedlagde hòl kan bli brukt av andre fuglar og pattedyr som ikkje sjølv kan hakke eller grave ut holrom.[11] Fordi hekkehòl er svært etterspurte blant andre brukarar, kan hakkespettar møte konkurranse om eigen hekkeplass frå det tidspunktet hòlet er brukbart. Konkurransen kan kome frå andre hakkespettartar, eller andre hòlehekkande fuglar som svaler og starar. Spettar kan aggressivt trakassere potensielle konkurrentar, og òg bruke andre strategiar for å redusere sjansen for å bli rant frå egga sine, til dømes hakkar raudkronespett ut reirhòlet på undersida av ei lita grein, noko som reduserer sjansen for at større artar vil ta det over og utvide hòlet.[12]
Medlemmer av Picidae er vanlegvis monogame, med nokre kolonihekkarar, og blant nokre få artar er polygami rapportert.[13] Polygami der ein hofugl får fram to kull med to hannfuglar, har òg vore rapportert hos palmespett.[14] I denne familien samarbeider begge kjønna om å få fram eit ungekull, frå reirbygging, ruging og til mating av ungar. Men blant dei fleste artane er det hannfuglen som gjer mesteparten av arbeid med hakking av reirplass og rugar dessutan på egga om natta. Eit kull vil vanlegvis bestå av 2 til 5 runde, kvite egg. Sidan desse fuglane er hòlerugarar, treng ikkje egga kamuflasjefarge og den kvite farga hjelper foreldra til å sjå egga i svakt lys. Rugetida er ca. 11-14 dagar, og det tar ca. 18-30 dagar før ungane er klåre til å forlate reiret.
Cracraft, Joel & Morony, John J. Jr. (1969): A new Pliocene woodpecker, with comments on the fossil Picidae. American Museum Novitates2400: 1-8. PDF fulltext
Grimaldi, David A. & Case, Gerard Ramon (1995): A feather in amber from the Upper Cretaceous of New Jersey. American Museum Novitates3126: 1-6. PDF fulltext
Johansson, U.S. & Ericson, G.P. (2003): Molecular support for a sister group relationship between Pici and Galbulae (Piciformes sensu Wetmore 1960). Journal of Avian Biology34(2): 185-197. PDF fulltext
Moore, William S.; Weibel, Amy C. & Agius, Andrea (2006): Mitochondrial DNA phylogeny of the woodpecker genus Veniliornis (Picidae, Picinae) and related genera implies convergent evolution of plumage patterns. Biological Journal of the Linnean Society87(4): 611–624. PDF fulltextArkivert 2011-09-29 ved Wayback Machine.
Villard, P.; Cuisin, J. & Karasov, W.H. (2004). How do woodpeckers extract grubs with their tongues? A study of the Guadeloupe woodpecker (Melanerpes herminieri) in the French Indies. Auk121: 509-514. HTML abstract
Webb, Daniel Matthew & Moore, William S. (2005): A phylogenetic analysis of woodpeckers and their allies using 12S, Cyt b, and COI nucleotide sequences (class Aves; order Piciformes). Molecular Phylogenetics and Evolution36(2): 233-248. PDF fulltextArkivert 2012-02-24 ved Wayback Machine.
Winkler, Hans; Christie, David A. (2002). «Family Picidae (Woodpeckers)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN84-87334-37-7.
Villard, Pascal; Jacques Cuisin (2004). «How do woodpeckers extract grubs with their tongues? A study of the Guadeloupe woodpecker (Melanerpes herminieri) in the French Indies». Auk121 (2): 509–514.
Reichlin, Thomas; Michael Schaub; Myles H. M. Menz; Murielle Mermod; Patricia Portner; Raphaël Arlettaz; Lukas Jenni (2008). «Migration patterns of Hoopoe Upupa epops and Wryneck Jynx torquilla: an analysis of European ring recoveries». Journal of Ornithology150: 393.
Wiktander, Ulf; Ola Olsson; Sven G. Nilsson, (2000). «Parental care and social mating system in the Lesser Spotted Woodpecker Dendrocopos minor». Journal of Avian Biology31 (4): 447–456.
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)