ornitolog (1785–1840) From Wikipedia, the free encyclopedia
Nicholas Aylward Vigors (1785–26. oktober 1840) var ein irsk ornitolog og politikar. Vigors skildra og klassifiserte 110 artar i livet sitt, og med det er han blant dei 32 autorane som har skildra flest fuglar gjennom tidene.
Nicholas Aylward Vigors | |||
Fødd | 1785 County Carlow | ||
---|---|---|---|
Død | 26. oktober 1840 London | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Irland, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia | ||
Område | zoologi | ||
Yrke | ornitolog, politikar, zoolog | ||
Alma mater | Trinity College | ||
Medlem | Royal Society Linnean Society of London Zoological Society of London Det prøyssiske vitskapsakademiet |
Vigors var fødd i Old Leighlin i County Carlow som son av kaptein Nicholas Aylward Vigors, som tente i 29th (Worcestershire) Regiment, og den fyrste kona hans Catherine Vigors, som var dotter av Solomon Richards frå Solsborough.
Han blei student ved Trinity College ved universitetet i Oxford i 1883, og blei så medlem av Lincoln's Inn i november 1806. Før han hadde fullført studia gjekk han med som soldat i Den spanske sjølvstendekrigen frå 1809 til 1811, og blei såra i slaget ved Barossa 5. mars 1811.[1] Han vende seinare tilbake til Oxford der han blei Bachelor of Arts i 1817 og Master of Arts i 1818. Han verka som skrankeadvokat, og blei Doctor of Civil Law i 1832.[2]
Vigors var med på å skipa Zoological Society of London i 1826, og var den fyrste sekretæren for selskapet fram til 1833. Dette året skipa han det som skulle bli Royal Entomological Society of London. Han var medlem av Linnean Society og Royal Society. Vigors var også redaktør for Zoological Journal mellom 1827 og 1834.
Vigors arva faren sin landeigedom i 1828. Han var parlamentsmedlem for Carlow frå 1832 til 1835. Ei kort tid i 1835 var han representant for County Carlow og så frå 1837 til han døydde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.