From Wikipedia, the free encyclopedia
Termittar (Isoptera) er ei gruppe sosiale insekt som er særs vanlege i tropiske og subtropiske strok over heile verda. Det finst litt over 2 000 beskrivne artar, og mange av dei er særs talrike - det er rekna ut at det er om lag eit kvart tonn termittar for kvar person på jorda! Dei fleste av desse er sterile arbeidarar.
Termittar | |
Systematikk | |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Pterogyta |
Infraklasse: | Termittar Neoptera Brullé, 1832 |
Termittar er små og har mjuke kroppar. Det latinske namnet isoptera tyder «like vengjer», og viser til at dei to vengjepara deira ser like ut. Vengjene er membranøse og avlange, og vert felt så snart det ikkje er bruk for dei. Antennene er korte og trådforma, og består av mellom 11 og 33 segment. Eventuelle haletrådar er små, og dei færraste har utvendige kjønnsorgan. Det er høg grad av polymorfisme mellom termittane, det vil seie at ulike individ innanfor same art kan ta særs mange ulike former.
Alle termittar er sosiale insekt, som regel med tre markant ulike kaster av individ: arbeidarar, soldatar og forplantarar. Arbeidarane er små og blinde, sterile dyr med vanlege mandiblar (munndelar til å bita og kutta med), og har ansvar for å samla mat, byggje reir og å bera rundt på medlemmar av andre kastar. Soldatar er òg blinde og sterile, men har kraftig utvida mandiblar dei nyttar til å forsvara kolonien med.
Forplantarane har vengjer og augo, og vert produsert i store mengder til særskilde tider på året. Dei formeirar seg i store svermar, og individuelle par startar nye koloniar. Dette er til skilnad frå maur, der det er individuelle dronningar som grunnlegg nye tuer; termittane har både dronning og «konge».
Termittuer vert bygd i eller på tre. Primitive termittfamiliar har protozoar i tarmen som hjelpar dei til å fordøya cellulose, somme grupper har byta desse ut med bakteriar. Ein reknar med at termittane utvikla seg frå tre-etande kakerlakkar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.