Petra Mede
From Wikipedia, the free encyclopedia
Petra Maria Mede (fødd 7. mars 1970 i Stockholm) er ein svensk komikar, dansar og programleiar.[1] I 2009 vart ho røysta fram som den beste kvinnelege komikaren i Sverige.
Petra Mede | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 7. mars 1970 (55 år) Stockholm, Högalids församling |
Yrke | programleiar, komikar, journalist, dansar |
Språk | engelsk |
Nettstad | https://www.petramede.se |
Petra Mede på Commons |

Eurovision
Melodifestivalen 2009
I 2009 var Mede programleiar for Melodifestivalen 2009, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland.[2]
Eurovision Song Contest 2013
28. januar 2013 vart det annonsert at Mede ville vere programleiar for Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[3][4] Ho var den fyrste sidan 1995 som leia tevlinga aleine, om ein ser vekk ifrå at Eric Saade var green room-programleiar i finalen.
Eurovision Song Contest's Greatest Hits
Saman med Graham Norton leia Mede Eurovision Song Contest's Greatest Hits i London i Storbritannia.[5] Konserten fann stad 31. mars 2015 og vart til for å feire 60-årsjubiléet til Eurovision Song Contest.
Melodifestivalen 2016
Mede vil leie den fyrste semifinalen i Melodifestivalen 2016, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, saman med Gina Dirawi.[6]
Eurovision Song Contest 2016
14. desember 2015 vart det kjend at Mede og vinnaren av Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, Måns Zelmerlöw, vil leie Eurovision Song Contest 2016.[7] Mede vil verte den tredje personen som leiar tevlinga meir enn éin gong, og den fyrste som leiar tevlinga att sidan 1974.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.