From Wikipedia, the free encyclopedia
Måns Petter Albert Sahlén Zelmerlöw (fødd 13. juni 1986) er ein svensk songar, dansar og musikalartist som voks opp i Lund i Skåne län. Han representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2015 med songen «Heroes» og gjekk sigrande ut av tevlinga.
Måns Zelmerlöw | |||
| |||
Fødd | 13. juni 1986 (38 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lunds domkyrkoförsamling | ||
Fødenamn | Måns Petter Albert Sahlén Zelmerlöw | ||
Opphav | Sverige | ||
Aktiv | 2005– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Warner Music Group | ||
Verka som | songar, programleiar, skodespelar | ||
Mor | Birgitta Sahlén | ||
Gift med | Ciara Janson | ||
Sambuar med | Marie Serneholt | ||
Prisar | Q121863645 |
Han deltok i Idol 2005 på svensk TV4 der han gjekk ut på ein femteplass under temaet rock. Zelmerlöw har òg vunne Let's dance, som er den svenske versjonen av «Skal vi danse», saman med Maria Karlsson. Sommaren 2005 jobba Zelmerlöw på G. Swensons Kro i Torekov. Seinare har han turnert i Sverige som songar. I andre halvår 2006 spelte han hovudrolla, Danny Zuko, i musikalen Grease, som vart sett opp i Malmö. I 2007 gjekk han til finalen i Melodifestivalen med songen «Cara Mia», som enda på tredjeplass, med nest flest røyster frå det svenske folket.
Zelmerlöw har sunge andretenor i Lunds Studentsångförening.
Saman med Robin Fredriksson og Mattias Larsson skreiv han songen «Hello Goodbye» som vart framført av Tone Damli og Erik Segerstedt i den andre semifinalen i Melodifestivalen 2013.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.