Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Madrid er hovudstaden og den største byen i Spania.[3] Han er den tredje største byen i Den europeiske unionen etter Stor-London og Berlin og storbyområdet er òg det tredje største i EU etter Paris og London.[4]
Madrid | |||
hovudstad | |||
|
|||
Motto: Fui sobre agua edificada, mis muros de fuego son. Esta es mi insignia y blasón[a] | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Region | Madrid | ||
Del av | Villa y corte | ||
Høgd | 667 m | ||
Areal | 604,4551 km² | ||
Folketal | 3 332 035 (2023) | ||
Grunnlagd | 800-talet | ||
Postnummer | 28001-28080 | ||
Retningsnummer | 34 (Spania) + 91 (Madrid) | ||
Madrid 40.416944444444°N 3.7033333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Madrid | |||
Byen ligg ved elva Manzanares midt i både landet og Regionen Madrid (som utgjer byen Madrid, byområdet rundt, forstader og landsbyar). Denne regionen grensar til dei autonome regionane Castilla y León og Castilla-La Mancha. Som hovudstad i Spania er han sete for regjeringa og den spanske monarken og er det politiske senteret i landet.[5]
På grunn av den økonomiske produksjonen, levestandarden og storleiken på den økonomiske marknaden, vert Madrid rekna som eit stort finanssenter på Den iberiske halvøya. Her ligg hovudkontra til dei fleste store spanske føretaka, samt hovudkvarteret til tre av dei 100 største selskapa i verda (Telefónica, Repsol-YPF, Banco Santander).[6]
Sjølv om Madrid har ein moderne infrastruktur har han bevart kjensla og utsjånaden i dei mange historiske nabolaga og gatene. Av landemerke her finn ein Palacio Real de Madrid (kongepalasset), Teatro Real (Det kongelege teateret), Buen Retiro-parken frå 1631; Nasjonalbiblioteket (grunnlagd 1712), eit arkeologisk museum og tre kunstmuseum: Prado-museumet, Museo Nacional Centro de Arte Reina Sofía, og Thyssen-Bornemisza-museumet.[7]
Folketalet i byen er kring 3,2 millionar og storbyområdet har kring 5,1 millionar innbyggjarar.[8]
Sjølv om Madrid-området har vore busett sidan førhistorisk tid,[9] høyrte området i romartida til bispedømet Complutum (dagens Alcalá de Henares). Det er gjort arkeologiske funn i ein liten landsby frå den vestgotiske. Namnet på denne landsbyen kan ha vorte ført vidare av arabarane.[10] Opphavet til den moderne byen var på 800-talet då Muhammad I gav ordre om å byggje eit lite palass på same stad som Palacio Real står i dag. Rundt dette palasset vart ein liten citadell, al-Mudaina, bygd. Nær palasset var Manzanares, som muslimane kalla «al-Majrīṭ» (arabisk المجريط, «vasskjelde»). Frå dette vart namnet på staden Majerit, som seinare utvikla seg til den moderne stavinga Madrid. Citadellen vart erobra i 1085 av den kristine kongen Alfonso VI av Castilla på veg mot Toledo. Han bygde om moskeen i byen som kyrkja Jomfrua av Almudena. I 1329 vart Cortes Generales første gong samla i byen for å gje råd til Alfonso XI av Castilla. Sefardiske jødar og maurarar budde i byen fram til dei vart drive bort mot slutten av 1400-talet.[10] Etter ei problemtid og ein stor brann, bygde Henrik III av Castilla (1379–1406) om byen og busette seg her innanfor bymurane i El Pardo. Den storslagne entréen Ferdinand og Isabella hadde til Madrid avslutta ufreden mellom Castilla og Aragón.[10]
Kongedømet Castilla, med hovudstad i Toledo og kongemakta Aragón, med hovudstad i Zaragoza, vart slått saman til det moderne Spania av dei katolske monarkane dronning Isabella av Castilla og kong Ferdinand II av Aragón).[10]
Barnebarnet deira, Karl I av Spania (òg kjend som Karl V av Det tysk-romerske riket) heldt seg mest i Sevilla, og det var son til Karl, Filip II (1527–1598) som flytta hoffet til Madrid i 1561. Sjølv om han ikkje gjorde ei offentleg erklæring, vart byen i røynda hovudstad. Sevilla hadde framleis kontroll over handelen med koloniane til Spania, men Madrid kontrollerte igjen Sevilla.[11]
Bortsett frå ein kort periode, 1601-1606, då Felipe III flytta hoffet sitt til Valladolid, har Madrid stort sett hatt felles lagnad med Spania.
Under Siglo de Oro (Det gylne hundreået), på 1500- og 1600-talet, var Madrid stort sett forskjellig frå dei andre europeiske hovudstadane, sidan folket i byen var økonomisk avhengig av det hoffet føretok seg og det ikkje føregjekk noko anna aktivitet i byen.[11]
Seint på 1800-talet klarte ikkje Isabella II å halde tilbake spenningane som skulle utløyse ein revolusjon, Den første spanske republikken. Monarkiet vendte etter kvart tilbake til Madrid, før Den andre spanske republikken vart oppretta før den spanske borgarkrigen.[11]
Madrid var ein av byane i Spania som vart hardast råka under borgarkrigen (1936–1939). Byen var ein skanse for republikanarane frå juli 1936. Dei vestlege forstadane var åstad for eit stort slag i november 1936 og det var under borgarkrigen at Madrid vart den første byen nokon gong som vart bombardert av fly med sivile som hovudmål (sjå omleiringa av Madrid i 1936-1939).[11]
Under regimet til Francisco Franco, særleg i 1960-åra, vart dei sørlege områda av Madrid særs industrialisert og det stor utvandring frå den spanske landsbygda til byen. Den søraustlege delen av byen vart eit arbeidarklassestrøk, som var base for ei aktiv kulturell og politisk reform.[11]
Etter Franco døydde dukka dei demokratiske partia opp og aksepterte kong Juan Carlos I som både etterfølgjaren til Franco og som arving av den historiske kongefamilien - for å sikre stabilitet og demokrati. Dette førte Spania til det noverande konstitusjonelle monarkiet, med Madrid som hovudstad.[11]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.