From Wikipedia, the free encyclopedia
Kong Juan Carlos I av Spania (fødd 5. januar 1938), fullt namn Juan Carlos Alfonso Víctor María de Borbón y Borbón-Dos Sicilias, var konge av Spania frå 1975 til 2014, då han abdiserte til fordel for sonen Felipe.
Juan Carlos I | |||
| |||
Konge av Spania | |||
Regjeringstid | 22. november 1975-19. juni 2014 | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Juan Carlos Alfonso Víctor María de Borbón y Borbón-Dos Sicilias | ||
Fødd | 5. januar 1938 | ||
Fødestad | Roma | ||
Gift med | Sofia av Spania | ||
Dynasti | huset Bourbon-Anjou | ||
Far | Juan | ||
Mor | María de las Mercedes de Borbón | ||
Born | Elena av Spania, Cristina av Spania, Felipe av Spania |
Juan Carlos var son av Don Juan, greve av Barcelona, og barnebarn av kong Alfonso XIII av Spania. Han blei peikt ut som arving til trona av den spanske diktatoren Francisco Franco i 1960. Dette blei endeleg bekrefta i 1969, då den spanske nasjonalforsamlinga vedtok ein ny tronfølgjelov. Han blei teken i eid som konge då Franco døydde i 1975, og opna deretter for demokrati i landet.
Juan Carlos vart tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden i 1982.
Hans Majestet Kong Juan Carlos I av Spania, konge av Castilla, konge av León, konge av Aragón, konge av Dei to Sicilia (Napoli og Sicilia), konge av Jerusalem, konge av Navarra, konge av Granada, konge av Toledo, konge av Valencia, konge av Galicia, konge av Mallorca, konge av Sevilla, konge av Sardinia, konge av Córdoba, konge av Korsika, konge av Murcia, konge av Menorca, konge av Jaén, konge av Algarve, konge av Algeciras, konge av Kanariøyane, konge av Aust- og Vestindia (no Dei austindiske øyane og Karibia), Erkehertug av Austerrike, hertug av Bourgogne, hertug av Brabant, hertug av Milano, hertug av Athen, hertug av Neopatria, greve av Habsburg, greve av Flandern, greve av Tirol, greve av Roussillon, greve av Barcelona, herre til Bizkaia og herre til Molina
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.