From Wikipedia, the free encyclopedia
Jahn Otto Johansen (3. mai 1934–1. januar 2018) var ein norsk journalist, forfattar og mediepersonlegdom.
Johansen tok artium ved Porsgrunn gymnas i 1953 der han var ein framståande medlem av Kristelig Skolelag. Han studerte deretter ved Universitetet i Oslo der han tok mellom anna geografi og etnografi. Han gjennomførte Forsvarets russiskkurs og var sidan Rockefeller-fellow (1961-62) med studium av sovjetiske og aust-europeiske tilhøve i Warszawa, Moskva og USA.
Den journalistiske karrieren hans starta med jobb som frilansjournalist i Porsgrunns Dagblad i 1949 (han jobba også for Skiensavisa Varden mens han studerte i Oslo). Han begynte på ein lang karriere som utanrikskorrespondent i 1956, fyrst for Morgenposten. Han har også vore med i redaksjonane til tidsskrifta Credo og Epoke, samt vore redaktør av universitetsavisa Universitas.
Han begynte å jobbe som utanrikssjef i NRK Dagsrevyen i 1966 fram til han blei Moskva-korrespondent frå 1975 og fram til 1977. I 1977 kom han tilbake til Noreg for å overta stillinga som sjefredaktør i Dagbladet, ei stilling han hadde fram til 1984. Han overtok etter Anton Blom som NRKs Washington-korrespondent (1985-1990), og var deretter utanriksredaktør i nyhenderedaksjonen i fjernsynet fram til han overtok som Berlin-korrespondent frå 1995 til 2000. Johansen er i tillegg til evna si til utanrikspolitiske analysar kanskje spesielt kjend for evna si til å få den «vanlege» mannen og kvinna i tale for å gje et grasrotperspektiv på dei landa der han var korrespondent.
Johansen har undervist på eit seminar ved The American University i Washington D.C. og førelese på Forsvarets Høgskule og Den norske atlanterhavkomités lektorkurs sidan 1975.
Jahn Otto Johansen har førelese ved desse høgre lærestadene: St. Anthony's College ved Universitetet i Oxford; Universitetet i Washington i Seattle; Pacific Lutheran University i Tacoma; University of Minnesota i Minneapolis og Den amerikanske diplomathøgskulen i Washington D.C..
I 2003 var Johansen Fritt Ord-professor ved Insititutt for Medier og Kommunikasjon på Universitetet i Oslo.
Johansen er òg ein mykje nytta føredragshaldar for norsk finans, bankar og næringsliv og held dessutan jamt kåseri på kulturturistturar til Berlin, St. Petersburg og Praha.
Johansen debuterte i 1960 med heftet Gomulkas Polen. Han har skrive eit sekstital bøker om Midtausten, jødisk kultur, antisemittisme, sigøynarane, USA, Kina, Finland, Sovjetunionen/Russland, Sentral- og Aust-Europa, om norske og internasjonale kunstnarar og om sjømatkultur og debattbøker om media.
Bøkene hans er omsette til finsk, dansk, svensk, engelsk, tysk, tsjekkisk og serbo-kroatisk.
50 av førelesningane for Atlanterhavskomiteen er utgjevne i komiteens skriftserie frå 1975 og fram til i dag.
Då Dagbladet i 1991 offentleggjorde ei meiningsmåling over kven nordmenner hadde mest tillit til, trona Johansen på toppen. Han har blitt skildra som den suverent mest intervjua journalisten i Noreg.
Jeg har aldri sagt nei til en vakker kvinne eller en god sigar. |
Jahn Otto Johansen har opp gjennom den epokelange eksponeringa si i norske medium utvikla eit sett med roller han framstår i: Den fyrste som den kunnskapsrike, nøytrale kommenterande nyhendejournalisten i TV og radio. Dernest som personleg engasjert, medfølande eg-person i bøkene sine, og til sist som den frodige levemannen i talrike portrettintervju i aviser og vekeblad.
Han hadde oppveksten sin i pinserørsla, men i godt vaksen alder har han konvertert til Den katolske kyrkja.
Jahn Otto Johansen var fram til 2007 viceoldermann i Christian IVs Laug, Oslo. Han er formann i Kunstnerforeningen, styremedlem i The Heyerdahl Institute og Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.