Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet, Det Norske Akademi for Litteratur og Ytringsfrihet er eit norsk litterært akademi grunnlagt av forfattaren Knut Ødegård i 2003. Det har som føremål å «arbeide for fremme av litteratur og for kunnskap om også andre litterære og kulturelle ytringsformer enn de som tilhører vår egen kulturkrets, også for ytringsfrihet i Bjørnstjerne Bjørnsons ånd [...].»[1]

Thumb
Bjørnstjerne Bjørnson talar på Skamlingsbanken, Danmark den 4. juni 1906. Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet har teke namn og inspirasjon frå han.

Medlemmar i akademiet er framstående norske og utanlandske forfattarar, forskarar, journalistar og politikarar. President er Hege Newth Nouri. Knut Ødegård var president frå 2003 til 2014. Ine Harrang er administrativ leiar.

Bjørnsonprisen

Akademiet deler årlig ut den internasjonale Bjørnsonprisen til personar eller en institusjonar som har «bidratt i stor grad i en internasjonal sammenheng innen det området som omfattes av akademiets formål.»[2] Prisutdelinga skjer seint om hausten, i samband med det årlege seminaret til foreininga på Bjørnsonhuset i Molde. Prisen består av 100 000 kroner, ein statuett av Hagbart Solløs, og eit diplom av Ellen Maria Heggdal.

Mottakarar av prisen er:

  • 2004 Vivian Fouad og Samir Morcos (Egypt), brubyggjarar mellom muslimar og kristne[3]
  • 2005 Esma Redzepova (Makedonia), forkjempar for sigøynarar og barn[3]
  • 2006 Hrant Dink,[3] sjefredaktør for det armenske tidsskriftet Agos (Istanbul), for sitt oppgjer med den tyrkiske behandlinga av armenarane
  • 2007 Adonis[3] (psevdonym for Ali Ahmad Said Asbar), syrisk-libanesisk lyrikar, brubyggjar mellom religiøse og nasjonale grupperingar i Midtausten
  • 2008 Ola Larsmo, svensk forfattar, for nytt fokus på antisemittisme i Norden[3]
  • 2009 Grigorij Pomerants (Russland) filosof og Zinaida Mirkina (Russland) diktar, for arbeid for ytringsfridom i Russland[3]
  • 2010 Einar Már Guðmundsson, islandsk forfattar og Milan Richter, slovakisk lyrikar og intellektuell[3]
  • 2011 Ola Didrik Saugstad og Marte Wexelsen Goksøyr[4]
  • 2012 Biskop Thomas av al-Qusiyya og Mair, Wojoud Mejalli og David Zonsheine[5]
  • 2013 Yaşar Kemal [6]
  • 2014 Kristin Solberg[7]
  • 2015 Edward Snowden, for «hans arbeid for personvernet, og for å rette et kritisk søkelys mot staters overvåkning av sine og andres innbyggere».[8]
  • 2016 Cecilia Dinardi, «for hennes omfattende, langvarige og uegennyttige faglige og menneskelige innsats for barn og unge asylsøkeres rettigheter.»[9]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.