Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein forskar er ein person som driv med forsking, og såleis ei brei og generisk nemning på ei rekkje typar vitskaplege stillingar (til dømes professor, førsteamanuensis, osb.). Forskar vert òg nytta som ein konkret stillingstittel, vanlegvis om stillingar for personar som utelukkande eller hovudsakleg driv med forsking og som har lite eller inga undervising.
I Noreg vert tittelen forskar nytta i følgjande stillingstitlar, som ofte vert nummerert, der forskar I er det høgaste nivået og tilsvarer professor. Alternative nemningar i parentes og engelske omsetjingar i kursiv.
Nivå | Kombinerte forskings- undervisingsstillingar | Reine forskarstillingar |
---|---|---|
Toppstillingar (professornivå) |
Professor (SKO 1013) (Professor) | Forskar I (forskingsprofessor) (SKO 1183) (Research Professor) |
Førstestillingar | Førsteamanuensis (SKO 1011) (Associate Professor) | Forskar II (seniorforskar) (SKO 1109/1110) (Senior Researcher) |
Mellomstillingar (universitetslektornivå) |
Universitetslektor (SKO 1009) (Assistant Professor) | Forskar III (SKO 1108) (Researcher) |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.