From Wikipedia, the free encyclopedia
Halfdan Anthony Hegtun (8. oktober 1918–25. desember 2012) i Vestre Toten, var ein norsk filolog, journalist, forfattar og politikar for Venstre og Det Liberale Folkepartiet. Han var stortingsrepresentant frå 1965 til 1973.
Halfdan Hegtun | |||
| |||
Fødd | 8. oktober 1918 Raufoss | ||
---|---|---|---|
Død | 25. desember 2012 (94 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre, Det Liberale Folkepartiet | ||
Yrke | politikar, journalist, skribent | ||
Barn | Halvor Hegtun | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Alle verv |
|
Hegtun vart uteksaminert frå Universitetet i Oslo som cand. philol. med hovudfag i historie i 1946. Han jobba for BBC 1948–1949, deretter gjekk han over til NRK, der han seinare vart programdirektør for NRK radio (1973–1981).
Han vart vald inn på Stortinget for Venstre frå Akershus i 1965 og gjenvalt i 1969. Etter splittinga av Venstre i 1972 gjekk han over til Det Nye Folkepartiet (seinare Det Liberale Folkepartiet).
Hegtun sat i DLF sitt sentralstyre frå 1982 til 1988. I 1987-1988 leia han DLF sitt forhandlingsutval i samband med samanslåinga med Venstre, som vart fullført i 1988. I 1992 vart han æresmedlem i Unge Venstre.
Ved kommunevalet i 2003 gjorde han comeback som folkevalt då han, 84 år gamal, vart vald inn i kommunestyret i Bærum.
Som bokforfattar skreiv han to bøker under pseudonymet Even Brattbakken. Det var òg namnet på ein komisk figur han opptredde som. Som sportsjournalist var den mest kjende reportasjen hans frå OL i Melbourne i 1956, der han rapporterte på kortbølgjeradio om Noregs første gull i eit sommar-OL på 36 år (Egil Danielsen, spydkast).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.