Generalfeltmarskalk (tysk Generalfeldmarschall, forkorta GFM) var den høgaste militære grada i den tyske, preussiske, sachsiske og austerriksk-ungarske hæren. Den blei berre tildelt aktive offiserar i krig. I motsetnad til andre offiserar, var generalfeltmarskalkar politisk utnemnde. Grada hadde fleire privilegium, mellom anna permanent eskorte. I 1870 blei prinsFriedrich Karl og kronprinsFriedrich Wilhelm dei første preussiske prinsane som blei utnemnde til generalfeltmarskalkar. I 1854 hadde grada Generaloberst blitt innført for å bli tildelt prins Wilhelm i fredstid; dette var ei grad med dei same privilegia, men formelt lågare rangert.
19. juli1940 - Gerd von Rundstedt (1875-1953), høgare offiser i hæren (Heeresgruppenführer) og øvstkommanderande i vest
22. juni1942 - Erwin Rommel "Ørkenreven" (1891-1944, tvungen til sjølvmord), øvstkommanderande for det tyske Afrikakorpset (seinare Hærgruppe Afrika) og Hærgruppe B i Nord-Frankrike
31. januar1943 - Friedrich Paulus (1890-1957), øvstkommanderande for den 6. armé, kapitulerte i Stalingrad
1. februar1943 - Ewald von Kleist (1881-1954), kommandant for panzergruppe Kleist, seinare Hærgruppe A, måtte avgå i 1944 på grunn av usemje
16. februar1943 - Wolfram Freiherr von Richthofen (L), høgare offiser i Luftwaffe (Luftflottenführer)
1. mars1944 - Walter Model (1891-1945, sjølvmord), høgare offiser i hæren (Heeresgruppenführer)
25. april1945 - Robert Ritter von Greim (L), høgare offiser i Luftwaffe (Luftflottenführer) og mot slutten av krigen Göring sin etterfølgjar som øvstkommanderande for Luftwaffe