fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Gaukefamilien (Cuculidae) er ein familie av mellomstore slanke fuglar i ordenen gaukefuglar, Cuculiformes. Dei fleste gaukar lever i tre, med eit vesentleg mindretal som lever på eller nær bakken. Familien har ein kosmopolitisk distribusjon, storparten av artane finn ein i tropiske område. Artane i tempererte område er trekkfuglar. Dietten til fuglar i gaukefamilien er insekt, insektlarver og ei rekkje andre dyr, i tillegg til frukt. Mange artar er reirparasittar, dei legg egga sine i reira hjå andre artar, men dei fleste artane i familien utfører sjølv ruging og tar omsorg for eige avkom. Totalt finst det ca. 140 artar.
Gaukefamilien | |
![]() Gulnebbgauk Coccyzus americanus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Gaukefuglar Cuculiformes |
Familie: | Gaukefamilien Cuculidae Vigors, 1825 |
Gaukar er mellomstore fuglar som varierer i storleik frå pygmégauk, 17 gram og 15 cm, til fikengauk, 630 g og 63 cm. Det er generelt lite kjønnsdimorfisme i storleik, men i somme unntak kan enten hofuglen vere størst eller i andre døme er hannfuglen størst. Eit vektig særtrekk for artane i denne familien er zygodaktyle føter, som inneber at dei to indre tærne peikar fram og dei to ytre peikar bakover.
Det er to grunnleggande ulike kroppsformer blant gaukar, arboreale artar, som arten gauk i Europa, ei slank form med kort tarse. Den andre forma finn vi hos terrestriske artar som storløpegauk og dvergløpegauk med kraftigare kropp og lengre tarse. Nesten alle artar har lange halar til styring hos terrestriske artar og som et flygeror hos arboreale artar. Vengforma varierer også med levesettet, trekkfuglartar slik som svartnebbgauk har lange smale venger vel eigna til krevjande flyging, og meir terrestriske standfuglar som sporegaukar (Centropus) og malkohaer (Phaenicophaeus) har kortare, avrunda venger og meir anstrengt glideflukt.
Hovudgrupperingar av gaukar:
Fjørene hos gaukar er generelt mjuke, dei blir ofte gjennomblaute i hardt regn. Etter slikt regn kan aniar halde vengene opne som skarvar for å tørke dei i sola. Det er store variasjonar i fjørdrakt blant gaukane. Nokre artar, spesielt reirparasittane har kamuflerande fjørdrakt, medan andre har lyse og spesielle drakter. Dette gjeld særleg for slekta Chrysococcyx, som har iriserande fjørdrakter. Somme gaukar har likskap med haukane med tverrstriper på undersida, det kan tilsynelatande skremme potensielle reirvertar som gjer at hofuglen får tilgang til reiret åt ein vert. Ungar hos nokre reirparasittar er farga slik at dei liknar ungane til verten. For eksempel, har grønnebbkoel i India svart avkom å for å etterlikne avkommet til kråkevertane, medan grånebbkoel får brune ungar til likskap med vertane, honningetarane. Kjønna har generelt lik fjørdrakt, avvik kan finnast hos reirparasittartar.
Gaukar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
Slekt Guira
Slekt Crotophaga
Slekt Tapera
Slekt Dromococcyx
Slekt Morococcyx
Slekt Geococcyx
Slekt Neomorphus
Slekt Carpococcyx
Slekt Coua
Slekt Centropus
Slekt Rhinortha
Slekt Ceuthmochares
Slekt Taccocua
Slekt Zanclostomus
Slekt Phaenicophaeus
Slekt Rhamphococcyx
Slekt Dasylophus
Slekt Clamator
Slekt Coccycua
Slekt Piaya
Slekt Coccyzus
Slekt Pachycoccyx
Slekt Microdynamis
Slekt Eudynamys
Slekt Urodynamis
Slekt Scythrops
Slekt Chrysococcyx
Slekt Cacomantis
Slekt Cercococcyx
Slekt Surniculus
Slekt Hierococcyx
Slekt Cuculus
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.