familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Honningetarar er ein stor og mangfaldig biologisk familie av små til mellomstore fuglar mest vanleg i Australia og Ny-Guinea, men òg funnen på New Zealand, Stillehavsøyane så langt aust som Samoa og Tonga, og øyane nord og vest for Ny-Guinea kjent som Wallacea. Bali, på den andre sida av Wallacelinja, har ein einskild art.
Honningetarar | |
Stolahonningetar, Phylidonyris pyrrhopterus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Overfamilie: | Meliphagoidea |
Familie: | Honningetarar Meliphagidae Vigors, 1825 |
I motsetnad til kolibriar i Amerika, har ikkje honningetarar omfattande tilpassingar for å «stille» i lufta, men mindre medlemmer av familien «stiller» som kolibriar for å samle nektar frå tid til annan. Generelt føretrekker honningetarar å smette raskt frå grein til grein i dei ytre delar av bladverket, strekkje seg opp eller sidelengs eller hengje opp ned om naudsynt. Mange slekter har ein høgt utvikla børste på tungespissen, lengre hos nokre artar enn hos andre, tunga er då frynsa og med piggar som sug væske lett opp. Tunga blir trykt raskt og gjentatte gonger inn i ein blome, den øvre kjeven vil deretter komprimere væska ut når nebbet er lukka.
I tillegg til nektar, vil alle eller nesten alle honningetarar ta insekt og andre smådyr, vanlegvis ved å fange bytte i lufta, nokre gonger ved å plukke byttet. Nokre av dei større artane, spesielt kvitøyrehonningetar og tasmanhonningetar, vil søkje under bork etter insekt og anna føde. Mange artar supplerer kosthaldet med litt frukt, og eit fåtal artar et jamvel monaleg mengder frukt,[1] spesielt i tropiske regnskogar og, merkeleg, i halvtørr krattskog. Mistelteinhonningetar har spesialisert seg på ein plante, misteltein. Dei fleste artane lever av ein diett av nektar supplert med varierande mengder av insekt. Generelt er honningetarar med lange, tynne nebb er meir nektaretande enn dei med kortare nebb, men sjølv spesialiserte nektaretande som dei to Acanthorhynchus-artane må ta insekt som tilskot av protein i kosthaldet i hekkesesongen.
Trekk og streifvanar hos honningetarar er lite kjente. Dei fleste er i alle høve delvis mobile, men mange flyttingar ser ut til å vere lokale, eventuelt mellom faste føretrekte stader når tilhøva blir endra. Mange følgjer blomstring av føretrekte matplantar. Artar med habitat i tørre område ser ut til å flytte seg lengre og mindre føreseieleg enn artar i dei meir fruktbare områda. Det verkar sannsynleg at inga einskild forklaring vil dukke opp: den generelle regelen for honningetarrørsler er at det finst ingen generell regel.
Honningetarar og dei australske honningskvettar utgjer familien Meliphagidae. Totalt er det ca. 180 artar i ca. 40 slekter, omtrent halvparten av dei høyrer heime i Australia, mange av dei attverande finst på Ny-Guinea. Saman med dei næraste slektningane, alvesmettar, Maluridae, diamantfuglar, Pardalotidae, og tornsmettar, Acanthizidae, dannar dei ein superfamilie Meliphagoidea. Meliphagoidea har opphav frå tidleg i evolusjonære historie til underorden songfuglar av Passeriformes. [2]
Sjølv om honningetarar liknar på og oppfører seg mykje likt andre nektaretande sporvefuglar rundt om i verda slik som solfuglar og blomsterfuglar, er dei ikkje relatert, og likskapane er konsekvensen av konvergent evolusjon.
Omfanget av den evolusjonspartnarskapen mellom honningetarar og australske blomsterplantar er ukjent, men truleg monaleg. Svært mange australske plantar blir pollinert av honningetarar, spesielt Proteaceae, Myrtaceae og Epacridaceae. Det er kjent at honningetarar er viktige på New Zealand òg, og ein trur det same gjeld i andre delar av utbreiingsområdet.
Stitsjfugl, tidlegare klassifisert i Meliphagidae med norsk namn stitsjhonningetar, har nyleg blitt fjerna og overført til ein ny familie Notiomystidae som einaste medlemmen der.[3] Gulskjermparadisfugl vart nyleg funnen å vere ein honningetar[4] og har fått namnet gulskjermhonningetar.
Melipotes carolae, engelsk 'Wattled Smoky Honeyeater', blei oppdaga i desember 2005 i Fojafjella i Papua, Indonesia[5] og skildra i 2007.
Rundt 2010 gjennomgjekk denne familiegruppa ein større revisjon i taksonomien, Clementslista tok inn endringane frå februar 2011.[6] Endringane kom med referanse til Driskell og Christidis (2004)[7] og Christidis og Boles (2008).[8]
Nye slekter i familien:
Utgår frå familien:
Slekter av honningetarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013.[9] Informasjon om distribusjon etter IOC World Bird List.[10]
|
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.