Stitsjfugl
art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Stitsjfugl, Notiomystis cincta, er ein sjeldan honningetarliknande fugl endemisk for Nordøya og tilstøytande øyar på New Zealand, og han er einaste medlemmen av slekta Notiomystis. Slekta er plassert i sin eigen familie, Notiomystidae. Stitsjfugl har vore nær utrydda, men ein populasjon overlevde på Little Barrier Island, og arten har blitt gjeninnført på tre andre øyreservat og på to stader på Nordøya. Evolusjonsrelasjonane for arten har lenge forundra ornitologar.
Stitsjhonningetar | |
Stitsjfugl Foto: Tony Wills | |
Status | |
Status i verda: Sårbar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Notiomystidae |
Slekt: | Notiomystis |
Art: | Stitsjhonningetar N. cincta |
Vitskapleg namn | |
Notiomystis cincta Du Bus, 1839 |
Stitsjfugl er ein ca. 18 cm lang sporvefugl med ei mørk fløyelsmjuk hette og kvite øyreduskar. Hannar har eit gult band over brystet som skil det svartfarga hovudet og halsen frå resten av fjørdrakta som er grå. Hoer og ungar er mattare enn hannar, dei manglar det gule brystbandet og hovudet er grått. Nebbet er ganske tynnt og noko bua, og tunga er lang med ein børste på enden for innsamling av nektar. Stitsjfuglar er svært aktive og skaper ofte lyd. Den mest vanleg lydytringa deira, ein 'tzit tzit'-lyd, truleg er det kjelda til trivialnamnet på engelsk 'stitch', han «har ein fantasifull likskap med ordet 'stitch'».[1] Dei har òg ein skarp fløytetone og ein alarmtone som læt som ein nasal 'pek'. Om våren gjev ofte hannfuglar ei gjennomtrengjande tre-tone fløyting, og ei rekkje andre lydytringar som hofuglen manglar i sitt repertoar.
Forsking har ymta om at dei står overfor interspesifikk konkurranse frå maorihonningetar og tuihonningetar, og vil finne føde av lågare kvalitet matkjelder når desse artane er til stades. Stitsjfuglar går sjeldan ned på bakken og sjeldan på blomar på dei store trekronene som maorihonningetar og tuihonningetar føretrekkjer, dette kan vere på grunn av konkurransen frå dei meir aggressive og større fuglane.
Den vektigaste føda er nektar, men dietten åt stitsjfugl dekkjer over tjue artar av lokale planteartar og tretti artar av frukt og dessutan mange artar av introduserte plantar. Vektige naturlege nektarkjelder er haekaro, matata, puriri, rata, Metrosideros robusta og toropapa, Alseuosmia macrophylla. Føretrekt frukt inkluderer Coprosma-artar, Pseudopanax arboreus, pate, Schefflera digitata, kotukutuku, Fuchsia excorticata og raukawa.
Stitsjfuglar supplerer òg kosten med små insekt.
Stitsjfuglar hekkar i hol høgt oppe i gamle tre.[2] Dei er dei einaste fugleartene ein kjenner der hannen femner nebbet til hofuglen med eiget nebb i samband med paring,[3] i tillegg til den meir konvensjonelle kopulasjonsvanen for fuglar, der den hannar klatrar på ryggen til hoa.[4]
Stitsjfuglar var ein relativt vanleg art tidleg under den europeiske koloniseringa av New Zealand, men byrja å minke relativt raskt etterpå, fram til han var utdøydd på fastlandet, og på mange øyar innan 1885. Den siste rapporten for arten på fastlandet var i Tararua Range i 1880-åra.[5] Den eksakte årsaka til nedgangen er ukjent, men blir rekna å vere press frå innførte artar, spesielt frå svartrotte, og dessutan frå introduserte fuglesjukdomar. Berre ein liten bestand på Little Barrier Island overlevde. Frå 1980-talet av starta New Zealand Wildlife Service flytting av mengder av individ frå Hauturu til andre øyreservat for å opprette sjølvstendige populasjonar. Desse øyane vart ein del av New Zealand nettverk av område som har vorte rydda av introduserte artar, òg for å verne andre sjeldne artar inkludert kakapo og takahe.
I dag er verdsbestanden estimert til mellom 500 og 2000 vaksne individ,[6] dei overlever på Hauturu (Little Barrier Island), Kapiti Island, Tiritiri Matangi Island, Mokoia Island i Lake Rotorua, Karori Wildlife Sanctuary og Waitakere Ranges. Bestanden på Tiritiri Matangi veks sakte, men meir enn halvparten av ungane som blir klekt døyr av svolt på grunn av mangel på hogstmoden skog,[7] det meste av øya vart planta i perioden 1984 til 1994, etter tidlegare avskoging. Berre på Little Barrier Island er populasjonen rekna å vere stabil frå 2007.[8]. Denne arten er klassifisert som 'sårbar (D1 D2)' av IUCN.[8] Denne klassifiseringa tyder at det er mindre enn 1000 eldre fuglar, og at arten vart funne berre på i fem ulike stader.
I 2005 vart 60 stitsfuglar sette ut i Karori Wildlife Sanctuary i nærleiken av Wellington, og i oktober same år, vart tre stitsfuglungar klekt der, for første gong på over 120 år på fastlandet New Zealand. Tilsette ved reservatet skildra hendinga som eit vektig vendepunkt for vern av arten.[5]
Hausten 2007 blei 59 vaksne fuglar frå Tiritiri Matangi-populasjonen flytta til Cascade Kauri Park, i Waitakere Ranges nær Auckland,[7][9] og ved utgangen av året vart dei første ungane flygedyktige der.[7]
Stitsjfugl vart opphavleg skildra som ein medlem av honningetarfamilien Meliphagidae. Slik har han vore klassifisert fram til nyleg. Genetiske analysar viser at han ikkje er nært relatert til honningetarar, og at dei næraste slektningane er kokakoar, Callaeatidae, også dei endemiske til New Zealand.[10][11][12] I 2007 vart ein ny sporvefuglfamilie oppretta for stitsjfugl, kalla Notiomystidae.[11][13]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.