fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Brunbrystgauken (Coccyzus rufigularis) er ein fugl i gaukefamilien som er stadeigen for øya Hispaniola (Haiti og Den dominikanske republikken). Han har ei lengd på rundt 45–50 cm, bøygd nebb, mørkeraudt strupe- og brystparti, svart hale og og fjør som er kvite ytst.
Brunbrystgauk | |
Brunbrystgauk | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av Brunbrystgauk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Gaukefuglar Cuculiformes |
Familie: | Gaukefamilien Cuculidae |
Slekt: | Coccyzus |
Art: | Brunbrystgauk C. rufigularis |
Vitskapleg namn | |
Coccyzus rufigularis Hartlaub, 1852 |
Brunbrystgauken ser ut til å føretrekkje eit habitat som ligg mellom tørr skog og fuktig lauvskog. Fuglen held seg gjerne i låglandet, nokre gonger i tørre strok, men har også vore sett i furuskog og i regnskogane i fjellområda. Han et insekt og øgler. Paringstida er kort, noko som ser ut til å skuldast byrjinga av regntida. Då kjem nemleg sikadane, som er den viktigaste matkjelda for fuglen. Brunbrystgauken held seg i visse område og spreier seg sjeldan. Såleis har han berre to stadfesta paringsområde, nær landsbyane Puerto Escondido og Rio Limpio.
Bestanden minka kraftig på 1900-talet. Han er no utrydda frå Gonâveøya, og nesten frå heile Haiti. Ifølgje estimata er det berre mellom 2 500 og 10 000 individ igjen, og talet går framleis nedover, grunna avskoging med landbruksføremål, overbeiting og kanskje også kjemikaliar frå landbruket. I Den dominikanske republikken finst det fire reservat for vern av denne og andre artar. Framskrivingar viser at minken truleg vil saktne i løpet av dei neste ti åra.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.