Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Furu, fure eller toll (Pinus sylvestris), ofte kalla tolle i Midt-Noreg,[2] og forra i Nord-Noreg, er ein planteart i furuslekta (Pinus). Denne arten er den einaste naturleg viltveksande furuarten i Noreg.
Furu | |
Furu | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av furu | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Furufamilien Pinaceae |
Slekt: | Furuslekta Pinus |
Underslekt: | Pinus |
Seksjon: | Pinus |
Art: | Furu P. sylvestris |
Vitskapleg namn | |
Pinus sylvestris |
Furu finst frå Storbritannia i vest, til Sibir i aust, Kaukasusfjella i sør, og Nord-Noreg i nord. I nord veks ho frå havnivå opp til 1000 moh.; i sør veks ho frå 1200 til 2600 moh. Ho finst i heile Noreg.[3]
Furua vert opp til 35 meter høg. Einskilde tre i særleg gunstig jord har vorte opp til 45 meter. Gamle tre har grov og mørkbrun skorpebork nedst og tynn, lyst raudlet bork høgare opp. Hokonglane sit på stutte skaft, er spisse, og går frå gulbrune til gråbrune i farge ettersom dei mognast.
Nålene er lange, og sit parvis i knippe.
Furu er eit treslag med mange bruksområde, og er difor viktig for skogbruket. Det blir avverka store mengder furu i Noreg kvart år til bruk i industrien som materiale til bygg- og møbelproduksjon, papirmasse, og framstilling av tjære og terpentin.
Furuveden er særs rik på kvae. Tidlegare produserte ein såkalla alved ved å la kvista og toppkappa furustammer stå att på rot over fleire år slik at kvaa trekte opp frå rota og ut i veden. Slik vart mesteparten av virket impregnert og eigna seg såleis ypparleg som kledningsmateriale for hus og andre bygningar.
I Vesterålen veks dei eldste trea i Noreg. Det eldste av desse furutrea er frå år 1228, medan daude trestubbar går heilt tilbake til år 877.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.