From Wikipedia, the free encyclopedia
Edelgran eller sølvgran (Abies alba) er eit eviggrønt bartre i edelgranslekta.
Edelgran | |
Edelgran | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av edelgran | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Bartre Pinophyta |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Furufamilien Pinaceae |
Underfamilie: | Abietoideae |
Slekt: | Edelgranslekta Abies |
Art: | Edelgran A. alba |
Vitskapleg namn | |
Abies alba |
Edelgran er mykje brukt til juletre.
Treet blir som regel inntil 40 meter høgt og sjeldnare opptil 50 meter. Maksimal stammediameter er typisk 1,5 m. Rekorden for eit individ har vore 68 meter og 3,8 meter i diameter.
Borken på edelgran er glatt og mørkebrun. Nålene er flate og butte (1,8–3 cm lange, 2 mm breie og 0,5 mm tjukke). Nålene er mørkegrøne og med to grøn-kvite band (spalteopningar) på undersida. Konglane er 9–17 cm lange og 3–4 cm breie, med 150-200 skjel. Frøa er eggforma, raudlege og med 2 venger, og dei blir opptil 2,5 cm lange. Edelgran kan bli over 400 år gammal.[1]
Treet krev noko regnfall, og trivst best frå 300 moh. (helst 500 moh.) og opp til 1 700 meters høgd.
Svært nære slektningar av arten er kong Boris-edelgran (Abies borisii-regis) og siciliansk gran (Abies nebrodensis), men edelgrana har meir glisne greiner og nåler enn desse to. Nokre reknar likevel dei to andre artane som variantar av vanleg edelgran, då med dei vitskaplege namna A. alba var. acutifolia og A. alba var. nebrodensis.
Edelgran stammar frå fjellområde i Sentral-Europa, det vil seia i Serbia, Karpatane, Alpane, Pyreneane og Italia. Grana er ein viktig art i den vest-balkanske kalksteinsskogen langs Adriahavet, som i Kroatia og på Orjen i Montenegro.
Allereie på midten av 1700-talet blei edelgran planta på Austlandet i Noreg (Meheia) og nokre tiår seinare på Vestlandet. Treet finst i enkeltbestandar langs heile norskekysten nordover til Lofoten. Det er blitt nytta som prydtre og ein del i kystskogbruket. Edelgran blir framleis brukt ein del innan juletre- og pyntegrøntproduksjon, men andre Abies-arter har i regelen teke over. I Noreg er det sett ut fleire andre Abies-artar, mellom anna nobeledelgran (Abies procera) og sibirsk edelgran (Abies sibirica). Totalt er det planta cirka 30000 dekar med Abies-artar.[2]
Som framand art kan edelgran bli invasiv. Arten set frø tidlig, har hyppige frøsettingar og rikeleg med kongler. Frøa har i tillegg venger, noko som gjer at dei lett spreier seg med vinden. Treet veks raskt, er svært skyggetolande og foryngar seg godt sjølv i tette og eldre bestandar.
Storleiken, tettleiken og alderen på plantefeltet er i stor grad avgjerande for spreiing og effektar. På grunn av langdistansespreiing kan edelgran og dei andre Abies-artane etablera seg langt frå opphavsbestanden. Den raske veksten og forynginga vil gjera at arten raskt utkonkurrerer lokale artar. Fleire av edelgranartane, inkludert Abies alba, er svært skyggetolsame og kan over tid spreia seg og utgjera klimakssamfunn. Dette vil påverka det biologiske mangfaldet negativt og spreiing vil også potensielt kunna påverka opne landskap, som i kulturbetinga naturtypar, dersom dei lokale spreiingstilhøva ligg til rette for dette.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.