Jærsk eller jærmål er namnet på talemålet som jærbuen nyttar. Det høyrer til dei sørvestlandske målføra. Sjølv om Jæren i realiteten er det flate kystområdet mellom for Tungenes fyr i Randaberg og Ogna i , der Dalane tek til, omfattar ikkje det jærske talemålet heile Jæren. Ein kan avgrensa talemålet for innbyggarane i kommunane Time, Klepp, Hå, Bjerkreim og Gjesdal. I kommunane Stavanger, Sola og Randaberg snakkar dei stavangersk, og i Sandnes kommune snakkar dei sandnesdialekt (gaugamål). Sandnesdialekten har derimot fleire likskapar med jærsk.

Jærsk
Tala på: Vestlandet
Kommune: ,
Klepp,
Time,
Gjesdal,
Bjerkreim
Klassifisering: sørvestlandske målføre

Som i alle målføre finst det skilnadar; spesielt mellom den nordlege og sørlege talemåten. I nord får dialekten meir likskapar til stavangersk og dialekten i Sandnes sentrum, medan i sør liknar dialekten meir på dialekten i Dalane. Det finst òg geolektisk og sosiolektisk variasjon; talemåten varierer frå kor på Jæren ein er frå og kva sosioøkonomisk bakgrunn ein har.

Thumb
Det finst variasjon innan jærsk. Den største er kanskje bruken av pronomenet «oss»: Nord for Håelva er «osse» dominerande, medan bruken av «okke» pregar talemåten sør for elva.
Foto: Jarle Vines (2008)

Fonetiske kjenneteikn

Jærsk inngår som eit sørvestlandsk talemål. Det inneber at det er i same dialektgruppe som sognamål, sunnhordlandsdialekt og ryfylkedialekt, blant anna. Jærsk har mange fonologiske kjenneteikn.

  • Lange vokalisme: Jærmålet har mange lange stavingar. Dette inneber at rotvokalane i mange ord blir forlengde. Ord som kjøtt og koma, til dømes, får lang vokal: /kjø:d/ og /ko:ma/, der /ø/- og /o/-fonema er lange.
  • /r/-lyden: Som mange av dei andre sørvestlandske dialektane, er den eldre /r/-lyden gått ut av språket. Fonemet i jærmålet i dag er ein stemt uvular frikativ, altså ein skarre-r, med IPA-teikn: [ʁ].
  • kj-lyden: Det er ein sterk tendens til at den palatale frikative fonemet, [ç], forsvinn frå dei sørvestlandske talemåla, spesielt blant yngre. I motsetnad til stavangermålet, der [ç]-lyden er totalt vekke blant dei yngre språkbrukarane, held denne lyden seg i jærmålet. Denne utviklinga er i tråd med William Labov sine sosiolingvistiske teoriar om at innovative språktrekk «hoppar» frå eit språksamfunn til eit anna, men nødvendigvis ikkje spreier seg ut til sitt omland.
  • a-infinitiv: Jærmålet har a-infinitiv på alle verb,noko som ikkje har endra seg sidan norrønt. Det er ein tendens til at yngre i Stavanger byter denne ut med e-infinitiv; ein tendens som ikkje er å finna igjen i jærmålet.
  • Diftongering: Talemålet har ikkje gjennomgått monoftongering; diftongane har ikkje blitt forenkla, men held seg.
  • Lenisering: Når konsonantar går frå å vera ustemt til å bli stemt, kallar ein det for blaute konsonantar. I jærmålet vil konsonantane /k/, /p/ og /t/ gå over til /g/, /b/ og /d/ i visse tilfelle. Det er berre lukkelydar. som kan bli stemte i jærsk. Det er altså dei konsonantane som er inne i ordet, som ofte kjem etter ein vokal. Ordet kake vil derfor bli uttalt som /ka:ga/, der berre det andre /k/-fonemet er blitt stemt.
  • Differansiering: Visse konsonantsamband, som /-rn/ og /-vn/, vil få ein differansiert uttale. Med andre ord vil dei ulike konsonantsambanda bli meir ulike. Ord som <garn> og <havn> vil bli realisert som [gadn] og [habn].
  • Segmentering: I jærmålet vil visse, enkle konsonantsegment bli to. Som til liks med andre sørvestlandske talemål, vil segmentet /l/ i ord med kort rotvokal bli todelt: /dl/. Dette gjeld ord som alle > /adle/, fjell > /fjedl/ og rallar > /radlar/. Denne fonologiske regelen er avstiva, og vil vera mest gjeldande på etablerte høgfrekvente ord.
  • Vokalsenking: I jærsk vil ofte vokalen bli senkt. Konkret gjeld dette /e/-lyden som blir «opnare»: /e/ > /æ/. Fonetisk sett går [e] til [ɛ] og [æ] i høgfrekvente ord, som pronomen og sterke verb. Pronomenet eg vil på jærsk bli realisert som [ɛ:g] eller [æ:g]. Verbet å koma i presens får uttalen [kjɛ:mə] på jærsk, medan å ta i presens blir realisert som [tæ:gə].

Substantiv

Substantiva i jærsk har tre grammatiske kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Det er totalbortfall av kasus i jærsk når det kjem til substantiv. Grammatisk sett har ikkje jærsk ein distinksjon mellom svake og sterke hokjønnsord; talemålet har mist den særeigne bøyinga for sterke hokjønnsord, som mange andre sørvestlandske målføre har. Dialekten opererer med same bøying for svake og sterke substantiv i hokjønn. Likevel har jærsk ei eiga bøying for hokjønnsord som sluttar på -ing, noko som òg er reflektert i nynorsk.

N̩ n̩

Hankjønn

Alle hankjønna i jærsk får en-endinga i bestemt form eintal, og stort sett bøygd med a- og ane-ending i fleirtal, som ein kan sjå i bøyingsparadigmet nedanfor.

Meir informasjon Døme: hest, Eintal ...
Substantiv, hankjønn
Døme: hestEintalFleirtal
Ubestemt formEn hestFleire hesta
Bestemt formDen hestn̩Dei hestane
Lukk

I likskap med mange andre målføre har jærsk ein syllabiseringsregel i bestemt form eintal: Den fremre urunda vokalen /e/ i en-endinga vil bli redusert til ein stavingsberande nasal. I dette tilfelle er det eit bortfall av fonemet /e/ når det blir redusert.[1] Heilt konkret utartar denne regelen seg slik:
hesten > /hestn̩/
I andre omgjevnader, etter plosivar som /k/ og /p/ blir ikkje /e/-fonemet redusert, men blir realisert som [en] eller [ɛn] slik:
sekken > /seken/<ref name = fonologi>

Jærsk har òg mange hankjønnsord som har halde på gammalt bøyingsmønster frå norrøn tid. Norrønt hadde hankjønnsord som fekk ir-ending i fleirtal, som ‘bygðir’, fleirtal av ‘bygder’. Maskuline ord som har gjennomgått same utviklinga som ‘bygder’ – der endinga ir har gått over til er i jærsk er mellom anna:

  • ‘sau’ som kjem frå norrøne ‘sauð’ ‘vegg’, ‘dag’, ‘fot’

Hokjønn

Meir informasjon Døme: hylle, Eintal ...
Substantiv, svakt hokjønn
Døme: hylleEintalFleirtal
Ubestemt formEi hyllaFleire hylle
Bestemt formDen hyllåDei hyllene
Lukk
Meir informasjon Døme: bok, Eintal ...
Substantiv, sterkt hokjønn
Døme: bokEintalFleirtal
Ubestemt formEi bogFleire bøge
Bestemt formDen bogåDei bøgene
Lukk

Merknad: Alle svake hokjønnsord får a-ending i ubestemt eintal.

Inkjekjønn

Meir informasjon Døme: hus, Eintal ...
Substantiv, inkjekjønn
Døme: husEintalFleirtal
Ubestemt formE(i)t husFleire hus
Bestemt formDet huseDei huså
Lukk

Merknad: Trykktunge ho- og hankjønnsord som sluttar på -n i ubestemt eintal, får hankjønnsbøying i bestemt form, men mistar n-uttalen i bestemt form eintal. Denne endringa har ikkje verknad på tonelaget. Døme: strand, sand, hund og mann

Meir informasjon Ubestemt form, Bestemt form ...
Substantiv, hankjønn
Ubestemt formBestemt formBestemt form
strand (f.)straenden strandå
sand (m.)saenden sanden
hund (m.)hoenden hunnen
mann (m.)maenden mannen
Lukk

Verb

I vanleg nynorsk deler me ofte inn verba i tre ulike grupper: a-verb, e-verb og sterke verb. I tillegg kjem j-verba, altså ord som vert bøygd svakt i fortid, sterkt i presens. Telja og velja er døme på j-verb. På jærsk er det ikkje like sterke skillelinjer mellom desse verbklassane. Alle verb på jærsk vert bøygd likt i presens, med redusert -e. Verb som , slå og har sjølvsagt eit anna ulikt bøyingsparadigme enn dei andre verba.

Meir informasjon Infinitiv, Presens ...
Sterke verb
InfinitivPresensPreteritumPerfektum
å skrivaskri:vaSkri:vəskreivHe skre:ve
å etae:daE:dəådHe e:de
å tatatæ:getu:gHe tu:ge
Lukk

I nynorsk verbbøying har me to ulike klassar av svake verb: a- og e-verb. På jærsk er det likevel få skilnadar mellom desse verbklassane; i visse tilfelle får a-verb e-verbbøying. Legg òg merke til mangelen på -ar-ending i presens. Døme: å hoppa.

Meir informasjon Infinitiv, Presens ...
Svake verb
InfinitivPresensPreteritumPerfektum
NynorskHoppa/-eHopparHoppaHar hoppa
JærskHoppaHoppe / høppeHoppteHe hoppt
Lukk

Pronomen

Meir informasjon Nominativ, Akkusativ ...
Personlege pronomen
NominativAkkusativ
Eintal1. personÆgMæg
2. personDuDæg
3. personHan, HuHan (an), Hu/Na (Henna)
Fleirtal1. personMeOss / Okke
2. personDe / DokkeDokke
3. personDaiDai
Lukk
Meir informasjon Hankjønn, Hokjønn ...
Eigedomspronomen
HankjønnHokjønnInkjekjønn
Eintal1. personMinMiMin
2. personDinDiDin
3. personHansHennas-
Fleirtal1. personVåras / OkkaVåras / OkkaVåras / Okka
2. personDokkasDokkasDokkas
3. person DeiraDeiraDeira
Lukk


Adjektiv

Jærsk adjektivbøying skil seg frå nynorsk på eit par område.

  • Svarabhaktivokal til ending i ubunden form hankjønn og hokjønn eintal positiv.
  • Den bundne forma av adjektivet vert bøygd i kjønn og tal; hokjønn og inkjekjønn eintal skil seg frå hankjønn eintal og alle kjønn fleirtal. Dette gjeld både positiv og superlativ. "Hu litla jentå" skil seg til dømes frå "dei rare folkå" eller "den store bilen". Jamfør nynorsk "den vesle jenta", "dei rare folka" og "den store bilen". Den bundne bøyinga følgjer i prinsippet endingane til linne substantiv.
Meir informasjon Døme: høg, hankjønn eintal ...
Adjektiv, positiv
Døme: høghankjønn eintalhokjønn eintalinkjekjønn eintalfleirtal
Ubestemt formE(i)n høge hestEi høge hyllaEit høgt husFleire høge hus
Bestemt formDen høge hest(e)nDen høga hyllåDet høga huseDei høge huså
Lukk
Meir informasjon Døme: høg, hankjønn eintal ...
Adjektiv, superlativ
Døme: høghankjønn eintalhokjønn eintalinkjekjønn eintalfleirtal
Ubestemt formKæ e høgast av hesten, hyllå og huse?
Bestemt formDen høgaste hest(e)nDen høgasta hyllåDet høgasta huseDei høgaste huså
Lukk

Merk at fordi dei ubestemte e-endingane i hankjønn og hokjønn eintal opphavlag er svarabhaktivokalar, vert denne forma uttalt med forskjellig tonelag frå dei bundne og fleirtalsformene. Til dømes vil "tunge ting" i eintal (ein tunge ting) bli uttalt med tonelag 1, ulikt "tunge ting" med tonelag 2 i fleirtal (tunge ting) eller bunden form (den tunge tingen eller dei tunge tingå), sjølv om dei forma av "tung" vert skrivne like eins. Ein lesar vil som regel kunne forstå kva for ei form det er snakk om ut frå samanhengen ordet står i, og uttale det riktig ved høgtlesing. Dersom adjektivet har tonelag 2 på eigehand, vil det ikkje vere nokon slik skilnad å snakke om; ta til dømes "ein heldige helt" mot "den heldige helten".

Spørjeord

Nynorsk – jærsk
  • Kva – kæ
  • Kor – kor
  • Kven – kem
  • Kvifor – kæffor, kaffor, korfor
  • Korleis – kóss, kóssen, kólesst

Døme på utskrift av jærsk

  • Frå Romarbrevet (1. kap.) på jærmål: Ja, æg giæræ qvær dag min bønnesta, æ dæ Guds viljæ æg ennaa eigong maa faa lukka a komma tæ dokke.
  • Frå Potla og græve av musikkgruppa Vind i garhol: "Hær på Jæren me potla og græve. Ja me potla og græv’åkke fram. Men alt dæ me potla og græve Så kjæme me’kje lengarr fram."
  • Frå "Resistansen" av Kaizers Orchestra frå 2001: "Her æ dæ russisk rullett kvær fredag / og på søndag ska dæ vær konfirmasjon / Fru Conradas he gitt klar beskjed, på søndag klokkå tåll / vil hu ikkje sjå en dråbe blod."

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.