Drive On er det åttande studioalbumet til det britiske bandet Mott (eit år før kalla Mott the Hoople). Det kom ut på CBS i Storbritannia og Columbia i USA i 1975. Ei ommastra utgåve av albumet kom ut på CD i 2006 i SUA. Det var det første albumet deira utan den tidlegare frontmannen og songaren Ian Hunter, og inkluderer to nye medlemmar: Ray Major og Nigel Benjamin.
Drive On Studioalbum av Mott | ||
Utgjeve | September 1975 | |
Innspelt | 1975 | |
Studio | Clearwell Castle i Gloucestershire i England | |
Sjanger | Glamrock, rock and roll, hardrock | |
Lengd | 42:22 | |
Selskap | CBS Columbia | |
Produsent | Dale «Buffin» Griffin og Pete «Overend» Watts | |
Mott-kronologi | ||
---|---|---|
Live (1974) |
Drive On | Shouting and Pointing (1976)
|
Singlar frå Drive On | ||
|
Albumet inneheld singlane «Monte Carlo / Shout It All Out» og «By Tonight / I Can Show You How It Is».
Bakgrunn
Etter The Hoople (1974), kom konsertalbumet Live raskt ut, før gitaristen Ariel Bender vart erstatta av Mick Ronson. Mott The Hoople enda då vokalisten, låtskrivaren og gitaristen Hunter slutta i gruppa for å starte eit soloband i lag med Ronson.
I januar 1975 kom Ray Major og songaren Nigel Benjamin inn i gruppa, som korta namnet sitt til Mott. Den nye besetninga bestod av Pete Watts, Dale Griffin og Morgan Fisher, i lag med gitaristane Major (tidlegare frå Opal Butterfly, Hackensack, og ei kort tid med Andy Fraser og Frankie Miller) og den relativt ukjende Benjamin.
Watts skreiv dei fleste songane, med bidrag frå Griffin og Major.
Denne besetninga gav berre ut eitt album til, Shouting and Pointing (1976), som selde svakt. Drive On var det siste studioalbumet deira som gjekk inn på den britiske albumlista.
Innhald
Alle spor skrivne av Pete Overend Watts, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «By Tonight» | 3:46 |
2. | «Monte Carlo» | 4:35 |
3. | «She Does It» | 3:26 |
4. | «I'll Tell You Something» | 4:30 |
5. | «Stiff Upper Lip» | 4:30 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Love Now» | 2:45 | |
7. | «Apologies» | Ray Major | 0:50 |
8. | «The Great White Wail» | 5:06 | |
9. | «Here We Are» | 5:25 | |
10. | «It Takes One To Know One» | Dale Griffin | 4:30 |
11. | «I Can Show You How It Is» | Watts, Griffin | 2:30 |
Medverkande
- Mott
- Nigel Benjamin – solovokal (spor 1-4, 7-11), korvokal (spor 5, 6, 11) akustisk gitar (spor 7)
- Ray Major – sologitar (spor 2-6, 8-11), rytmegitar (spor 2, 3, 10), slidegitar (spor 1), korvokal (spor 10)
- Morgan Fisher – piano (spor 1-6, 9-11), synthesizer (spor 2-4, 8), orgel (spor 2, 4, 10), Davolisint (spor 2, 8), elektrisk piano (spor 4, 8, 9, 11), korvokal (spor 2, 5, 10), klokkespel (spor 5), bass (spor 8)
- Pete Overend Watts – bass (spor 1-6, 9-11), rytmegitar (spor 1, 5, 6, 8, 10), korvokal (spor 2, 3), solovokal (spor 5, 6), akustisk gitar (spor 9)
- Dale «Buffin» Griffin – trommer (spor 1-6, 8-11), korvokal (spor 2, 6)
- Andre medverkande
- Stan Tippins – korvokal (spor 2, 10, 11)
Teknisk
- Mott – produsent, arrangør
- Alan Harris, Geoff Emerick, Ron Fawcus – lydteknikarar
- Arun Chakraverty – mastering
- Kunstnarisk leiar – Roslav Szaybo
- Gary Edwards, Geoff Emerick, Pete Henderson – miksing
- Mike Putland, Peter Lavery – fotografi
- Roger Bamber – fotografi (framsida)
Salslister
År | Album | Plassering | |
---|---|---|---|
UK Official Charts [2] |
US Billboard 200 | ||
1975 | Drive On
|
35[3] | 160[4] |
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.