Klokkespel er musikkinstrument som vert rekna som perkusjonsinstrument (slagverk), og som gjev lyd som små eller store klokker eller bjøller med ulike tonar. Som orkesterinstrument er klokkespelet laga av stavar eller røyr av metall med ulik lengd, som alt etter lengda på stavane eller røyra gjev djupe eller ljose tonar når dei vert slegne på med køller dekte av filt eller laga av gummi. Det diatoniske klokkespelet samsvarar vanlegvis med pianoets toneregister frå tonen C1.
Dei store klokkespela i kyrkjetårn, rådhustårn og andre byggverk, som skal kunne høyrast over store avstandar i byar og andre stadar, er samansette av store og små opphengde klokker med same fasong som kyrkjeklokker. Slike klokkespel, som på andre språk (til dømes på tysk og fransk) gjerne vert kalla carillon, vert spela på ved at eit mekanisk eller elektromekanisk system slår på kvar av klokkene i samsvar med impulsar frå ein maskin, eller frå eit klaviatur. Klaviatura kan liknast med det som er på eit orgel eller piano, og vert spela på av ein organist.
- Klokkespel som skal høyrast utover byen Barcelona.
- Klokkespelet på toppen av austre tårnet på Oslo rådhus.
- Klaviaturet (tangentar og pedalar) til eit av dei store klokkespela.
- I framgrunnen: Klokkespel i eit symfoniorkester. Ovanfor klokkespelet, to radar med crotalar.
Sjå òg
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.