From Wikipedia, the free encyclopedia
«Drive-In Saturday» er ein song av David Bowie frå albumet Aladdin Sane frå 1973. Han vart gjeven ut på singel ei veke før albumet kom ut og som forgjengaren «The Jean Genie» nådde han tredjeplassen på singellista i Storbritannia.
Drive-In Saturday Singel av David Bowie frå albumet Aladdin Sane | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 6. april 1973 | |
Innspelt | Trident Studios, London 9. desember 1972 | |
Sjanger | Glamrock, kunstrock, doo-wop | |
Lengd | 4:29 | |
Selskap | RCA Records 2352 | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | Ken Scott, David Bowie | |
David Bowie-kronologi | ||
«The Jean Genie» (1972) |
Drive-In Saturday | «Time» (1973)
|
His name was always buddy
And he'd shrug and ask to stay
She'd sigh like twig the wonder kid
And turn her face away
Songen var inspirert av 50-tals doo-wop og skildrar korleis innbyggjarane i ei post-apokalyptisk verd (Bowie sa ein gong at året var 2033)[1] har gløymd korleis ein skal reprodusere seg, og må sjå gamle pornovideoar for å lære seg på ny korleis det skal gjerast.[2] Denne soga er omtalt som eit døme på Bowie sin «futuristiske nostalgi»,[3] der soga vert fortald frå ein innbyggjar i framtida som ser bakover i tid.
Komposisjonen var inspirert av nokre merkelege lys i eit aude landskap mellom Seattle og Phoenix, som Bowie såg frå eit tog under den amerikanske turneen hans i 1972.[2] Bowie spelar synthesizer og saksofon på songen, medan teksten nemner Mick Jagger («When people stared in Jagger's eyes and scored»), modellen Twiggy («She'd sigh like Twig the wonder kid») og Carl Jung («Jung the foreman prayed at work»).
Songen vart spelt på konsertar lenge før han vart spelt inn i studio, første gong i Pirate's World i Fort Lauderdale i Florida,[2] eller Celebrity Theatre i Phoenix (den 4. november 1972),[3] i følgje forskjellige kjelder. Han vart først tilbydd Mott the Hoople, men dei avslo. Bowie har sidan sagt at han ikkje forstod kvifor dei avslo.[4] I ei soge frå turneen sin i 1972, Diary of a Rock 'n' Roll Star, skriv Mott-leiaren Ian Hunter at han var fullstendig forskrekka over den komplekse popsongen då Bowie spelte han for han og skreiv at «det var litt av ein akkordsekvens». Bowie hevda på Storytellers på VH1 at han var så frustrert over at Mott the Hoople avslo songen at han barberte av seg augnebryna sine under Ziggy Stardust-turneen, noko ein kan sjå på bilete så seint som i 1974.
Bowie-versjonen vart spelt inn då han kom attende til Storbritannia frå USA-turneen, og vart gjeven ut i april 1973. Singelen låg på lista i 10 veker og nådde 3. plass i Storbritannia. B-sida, «Round and Round», var ein versjon av Chuck Berry-songen «Around and Around», ein song som vart spelt inn men ikkje nytta på Ziggy Stardust. Bowie-biografen Nicholas Pegg skildrar «Drive-In Saturday» som «ein av dei finaste songane på Aladdin Sane», samt «den store, gløymde Bowie-singelen», som han meinte kom av at songen ikkje vart gjeven ut på samlealbum før nesten 20 år etter han kom ut.[5] Biografen David Buckley har kalla «Drive-In Saturday» og «Rebel Rebel» Bowie sine «finaste singlar frå glamtida».[3]
Liste (1973) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart | 3 |
Irish Singles Chart | 14 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.