From Wikipedia, the free encyclopedia
Fløyter er blåseinstrument laga av røyr med eitt eller fleire hòl i. Ein skapar lyd ved å blåsa luft mot ein kant av fløyta. Fløyter blir brukte som musikkinstrument, men òg til andre føremål, som å varsla eller gje ordrar med.
Nesten kvar ein kultur har sin eigen fløytetype, som regel fleire. Fløyter er enkle å laga, alt ein treng er eit røyr som ein så kan blåsa mot, som når ein bles på ei flaske. Men blant dei mange ulike fløytetypane i verda finst mange svært kompliserte typar, til dømes den vestlege tverrfløyta av metall, med ei rekke hòl og klaffar. Dei fleste fløyter blir spelte med munnen, men i nokre kulturar finst òg nasefløyter.
Det eldste musikkinstrumentet ein har funne var ei fløyte laga av mammutbein i dei tyske Alpane. Denne er mellom 30 000 og 37 000 år gammal.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.