From Wikipedia, the free encyclopedia
MetroLyrics er ein nettstad for songtekstar skipa i desember 2002. Databasen til MetroLyrics inneheld over 1 millionar songar framført av over 16 000 artistar.
MetroLyrics | |||
| |||
Skipa | 30. desember 2002[1] | ||
---|---|---|---|
Eigar | CBS Interactive | ||
Hovudkontor | Vancouver | ||
Land | Canada | ||
Produkt | Songtekstar | ||
Grunnleggjar(ar) | Milun Tesovic, Alan Juristovski | ||
Tilsette | 10+[2] | ||
Nettstad | MetroLyrics.com |
MetroLyrics blei skipa av bosnisk-canadiske Milun Tesovic, som laga nettstaden då han var 15, og Alan Juristovski, ein ven av familien.[2] Han var den første songtekst-nettstaden til å ta i bruk lisens-katalogen til Gracenote Inc. i april 2008.[3] Gjennom denne katalogen får opprettshavarane til tekstane betalt når verket deira blir vist fram på MetroLyrics.com. Nettstaden sjølv tener pengar på reklame. Lisensordninga gjorde at MetroLyrics skilde seg ut frå mange andre nettstader som tilbyr songtekstar utan å betala lisens, og dermed kan seiast å bryta opphavsretten.[4]
I januar 2013 kjøpte LyricFind lisensverksemda til Gracenote og slo henne saman med si eiga.[5] MetroLyrics blei kjøpt opp av CBS Interactive i oktober 2011.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.