global pandemi med koronavirussjukdommen covid-19 From Wikipedia, the free encyclopedia
Koronapandemien, koronaviruspandemien eller covid-19-pandemien er eit verdsomspennande utbrot av luftvegsinfeksjonen covid-19. Sjukdommen blei fyrst konstatert i desember 2019 i millionbyen Wuhan i den kinesiske provinsen Hubei. I løpet av januar 2020 utvikla han seg til ein epidemi i delar av Kina, og spreidde seg så til heile verden som ein pandemi. WHO erklærte utbrotet som ei internasjonal folkehelsekrise den 11. februar 2020,[2] og som ein pandemi 11. mars.[3]
Treng oppdatering |
Utbrot per kapita i ulike land. ██ > 100 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 30–100 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 10–30 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 3–10 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 1–3 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 0,3–1 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ > 0–0,3 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ Ingen rapporterte tilfelle/ingen innbyggjarar | |||
Dato | 17. november 2019– | ||
---|---|---|---|
Stad | Opphav i Wuhan i Hubei i Kina | ||
Døde | 15–26 millionar[1] (estimated) |
Utbrotet kom av eit nytt koronavirus, SARS-CoV-2.[4][5][6] Symptom på covid-19 kan vera alt frå umerkelege til døyelege. Dei vanlegaste er feber, smitte og trøttleik. Sjukdommenm smittar ved at ein pustar inn luft som inneheld små dropar og luftborne partiklar som inneheld viruset.[7] Risikoen for å pusta inn desse er høgast når folk er nær kvarandre, men dei kan også smitta over ein del avstand, særleg innomhus. Smitte kan også skje via væske som når auge, nase eller munn, og i sjeldne høve via overflater. Folk som er smitta kan vanlegvis smitta vidare i ti dagar, og kan spreia viruset sjølv om dei sjølv ikkje har symptom. Mutasjonar har danna fleire variantar av viruset som har ulik grad av smittsamheit og sjukdomsutvikling.[8][9]
Inkubasjonstida, perioden mellom smittetidspunktet og sjukdomsutbrot, er vanlegvis fem dagar, men kan variera frå to til fjorten dagar.[10][11] Komplikasjonar av sjukdommen kan vera lungebetennelse og acute respiratory distress syndrome (ARDS). Det finst ingen vaksine eller spesifikk antiviral behandling mot viruset, men dette blir forska på. Tiltak mot utbrotet går ut på å behandla og lindra symptom. Tilrådde tiltak for å hindra spreiing omfattar grundig handvask, å halda avstand frå andre folk, særleg dei som er sjuke, og overvaking og sjølv-isolering i fjorten dagar for dei som mistenkjer at dei er smitta.[12][10][13]
Offentlege tiltak mot spreiing har mellom anna gått ut på å hindra eller avgrensa reise, portforbod, karantene, stenging av skular og avlysing av større arrangement. Utbrotet har ført med seg sosial og økonomisk uro,[14][15] tilfelle av xenofobi og rasisme mot folk av kinesisk eller austasiatisk utsjånad,[16][17][18][19][20] og spreiing av feilinformasjon og konspirasjonsteoriar om viruset på nettet.[21][22][23]
Seint i desember 2019 blei det rapportert om ei gruppe lungebetennelsetilfelle utan kjend årsak av helsevesenet i Wuhan i Hubei-provinsen i Kina. Mange av dei første tilfella hadde tilknyting til Huanan sjømat- og engrosmarknad, og derfor gjekk ein ut frå at viruset var zoonotisk.[5] Viruset som valda utbrotet er kjent som SARS-CoV-2, eit nytt koronavirus som er i slekt med flaggermus-koronavirus,[24] skjeldyrkoronavirus[25] og SARS-CoV.[26] Ein teori er at viruset oppstod i flaggermus frå slekta Rhinolophus.[27]
Dei første rapporterte symptoma kom 1. desember 2019, hjå ein person som ikkje hadde vore i kontakt med Huanan-marknaden eller dei 40 andre i den første gruppa der viruset blei funne.[28][29] Av denne første gruppa hadde to tredelar tilknyting til marknaden, som også selde levande dyr.[28][30][31][32]
I dei tidlege stadia blei talet på tilfelle dobla omtrent kvar 7,5. dag.[33] I byrjinga og midten av januar 2020 blei virus spreidde til andre provinsar i Kina, hjelpt av reiser i samband med kinesisk nyttår, ettersom Wuhan er eit transportsenter i Kina og smitta personar snøgt kunne reisa til andre delar av landet.[34] 20. januar melde Kina frå om 140 nye pasientar på ein dag, medrekna to personar i Beijing og ein i Shenzhen.[35] Seinare offisielle data viste at 6 174 pasientar smitta med viruset allereie hadde utvikla symptom 20. januar 2020.[36]
Verdsorganisasjonen for helse (WHO) erklærte utbrotet som ei internasjonal folkehelsekrise 30. januar 2020.[37] Etter stor vekst i nye tilfelle i Italia, Iran og Sør-Korea melde WHO at talet på nye tilfelle utanfor Kina for første gong var større enn talet på nye tilfelle i Kina den 25. februar 2020.[38]
Svært få tilfelle er rapporterte hjå born.[11]
Det første stadfesta dødsfallet var 9. januar 2020 i Wuhan.[39] Det første dødsfallet utanfor Kina var på Filippinane,[40][41][42] og det første dødsfallet utanfor Asia var i Frankrike.[43]
Symptom på COVID-19 er ikkje spesifikke for denne sjukdommen. Smitta personar kan vera utan symptom eller utvikla symptom som feber, hoste, muskelsmerte, kjenna seg trøytte eller bli kortpusta.[45][46][47] Diaré og plager i øvre luftvegar (som nysing, snue og vond hals) er mindre vanlege.[48]
Ein gjennomgang WHO gjorde av 55 924 tilfelle identifiserte av laboratorium i Kina til og med 20. februar 2020 fann fordelinga av teikn og symptom som er viste i tabellen til venstre.[34]
Vidare utvikling av sjukdommen kan føra til lungebetennelse, acute respiratory distress syndrome, multiorgansvikt og død hjå nokre pasientar.[49][50]
SARS-CoV-2 (engelsk Severe acute respiratory syndrome coronavirus 2) er eit nytt virus som først blei isolert frå tre menneske med lungebetennelse i Wuhan, frå den første gruppa identifiserte smitta.[26]
SARS-CoV-2 er nært i slekt med SARS-CoV, viruset som valdar SARS hjå menneske.[51] Ein reknar med at det er zoonotisk. Genetisk analyse har vist at koronaviruset ligg nær slekta Betacoronavirus i underslekta Sarbecovirus (ættelinje B), saman med to ættelinjer frå flaggermus. Det er 96 % identisk på genomnivå med andre flaggermus-koronavirus (BatCov RaTG13).[52][34] I februar 2020 fann kinesiske forskarar ut at det berre var ein aminosyreskilnad i visse genomsekvensar mellom virus funne i skjeldyr og dei funne i menneske, noko som tydde på at skjeldyr kunne ha vore mellombels vertsdyr.[53]
Viruset er eit RNA-virus, nærmare bestemt (+)ssRNA-virus;[54][55][56] Dette viruset har arvestoff som er enkelttråda og har positiv polaritet.
Ein såkalla L-type av viruset verkar å vera meir smittsam enn S-typen. Den eine typen er ikkje meir døyeleg enn den andre, ifølgje Ian Jones ved University of Reading.[57]
Den viktigaste måten viruset smittar på er gjennom smådropar som blir utanda av ein smitta person, til dømes gjennom hoste eller nysing.[58][59][7] Slike dropar er berre luftborne ei kort tid, men kan framleis vera smitteberande på overflater av glas, metall eller plast.[60] Ein kjenner til at andre koronavirus kan overleva i opptil ni dagar i romtemperatur.[61] Eit tidleg forsøk og analyse som var eit internasjonalt samarbeid tyder på at ingen verksame virus var att etter 7 dagar på plast og metall i romtemperatur.[62] Disinfeksjon av slike overflater er mogleg med produkt som inneheld 62–71 % etanol.[61] Viruset har kortare levetid på andre flater, som under to dagar på klede og under tre timar på papir, medan forskarane fant at viruset var meir stabilt i kjøleskapstemperatur, der det berre var ein moderat reduksjon etter to veker.[62]
WHO har meldt at risikoen for smitte frå ein smitta person utan symptom er «svært låg» og at risikoen for smitte gjennom avføring er «låg».[63]
Estimat for basisreproduksjontalet (det gjennomsnittlege talet på folk ein smitta person truleg vil smitta) er mellom 2,13[64] til 4,82.[65][66] 24. januar 2020 hadde ein funne at viruset kunne smitta i ei kjede på opptil fire personar.[67] Dette liknar på tala for SARS-CoV.[68]
Verdsorganisasjonen for helse publiserte ein metode for å diagnostisera den nye typen av koronaviruset. Metoden var utvikla av Charité, som er ein av dei største universitetsklinikkane i Europa.[69]
I april 2020 var det blitt utvikla antistofftestar som kunne visa om nokon hadde aktive infeksjonar eller hadde hatt viruset tidlegare.[70][71][72]
Metodar for å verna seg mot smitte omfattar god hygiene, som å vaska hendene når det passar, å ikkje ta på auge, nase eller munn med uvaska hender, å hosta eller nysa i eit papirhandklede og kasta det rett i søpla etterpå, og (for folk som allereie kan ha blitt smitta) å bruka ei kirurgisk maske når ein er ute.[73][74][75] Å halda avstand til andre er også tilrådd.[13] Mange styresmakter har rådd innbyggjarane sine frå å reisa til land og område med smitte om det ikkje er heilt naudsynt.[76]
Det kan vera mogleik for at ein får kontakt-smitte frå ein gjenstand og til sine eigne hender, og deretter kan smitta kome inn i kroppen gjennom munn, nase eller auge;[77] som eit typisk virus så har koronaviruset eit vernande skal av feittsyrer.[78] Då er jamleg og grundig vask av hendene med såpe det mest effektive til å løysa opp feittsyrene i skalet rundt virusa.[78] Minst 60 % alkohol kan også ha effekt, t.d. i handsprit med litt tid til å verka, medan antibac treng høg alkoholprosent og helst litt såpe for å ha nokon effekt.[78]
Sporing av kontakt er ein viktig metode for helsevesen til å finna ei smittekjelde og hindra vidare smitte.[79] Avsondring er også ein føreslått metode for å hindra spreiing innan lokalsamfunn.[80][81]
Utvikling av vaksinar eller testing av antivirale medisinar har gått føre seg i fleire land.[82][83]
Behandling av symptom kan inkludera væskebehandling og oksygenbehandling.[84][85][86] Ekstrakorporal membranoksygenering (ECMO), ein teknikk for å tilføra oksygen til pasientar med alvorleg redusert lunge- eller hjartefunksjon, har vore brukt i samband med respirasjonssvikt.[87][88]
I nokre høve har ein brukt anti-retrovirale medisinar (ofte brukt mot HIV/AIDS)[89] i behandling av smittetilfelle.[90]
Til behandling av pasientar med store pusteproblem bruker ein pustemaskinar (respiratorar).[91]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.