Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Internett er eit verdsomfattande ope datanett basert på protokollane TCP/IP. Datamaskinar, smarttelefonar og andre digitale einingar kan kopla seg til dette nettet. I 2021 hadde litt over 50 prosent av folka i verda tilgang til Internett. I Noreg har kring 90 prosent av innbyggjarane slik tilgang.[1]
Internett har røter i forsking frå 1960- og 1970-tala ved DARPA, ei avdeling av det amerikanske forvarsdepartementet, som førte til etableringa av datanettet ARPANET. I byrjinga batt ARPANET saman regionale akademiske og militære datanett i USA, men snart vart fleire andre datanett kopla til. Det var tilkoplinga av kommersielle nettverk innan det tidlege 1990-talet og framkoma av verdsveven som markerte overgangen til det moderne Internett. Sidan har fleire og fleire maskiner vorte kopla til Internett, og med kommersialiseringa av Internett, påverkar det så å seie alle delar av moderne liv.
Internett har forma om eller erstatta mange tradisjonelle kommunikasjonsmedium, som telefon, fjernsyn, post og aviser, gjennom tenester som verdsveven, e-post, IP-telefoni og strøyming. Netthandel har vakse raskt, og nettbutikkar som berre sel varer via Internett har utvikla seg.
Internett er eit nettverk av datanett. Det finst inga sentral styring av teknologi eller retningsliner for tilgjenge og bruk av Internett. Kvart datanett innafor Internett vel sine eigne reglar. Forvaltinga av dei to sentrale mengdene med namn, IP-adresser og domenenamn, vert samordna av den ålmennyttige Internet Corporation for Assigned Names and Numbers (ICANN), og Internet Engineering Task Force (IETF) har ansvaret for dei underliggande tekniske normene.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.